JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Songar
frå vegen

Det har gått eit dusin år sidan sist vi høyrde frå Papa M.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blanlablabla

Blanlablabla

Blanlablabla

Blanlablabla

2556
20161104
2556
20161104

Rock

Papa M:

Highway Songs

Drag City

Overraskinga var stor då eg fann Highway Songs i postkassa for nokre dagar sidan, for eg har ikkje høyrt nytt stoff frå Papa M sidan 2004.

Eg har spurt meg sjølv kvar det vart av akkurat dette av David Pajos alter ego, særleg sidan eg held utgivinga Whatever, Mortal (2001) så høgt – det var ei av platene som verkeleg festa seg rundt tusenårsskiftet, merkt av ein strippa, men likevel akk så rik produksjon. Songar som «Over Jordan», der Pajo greier seg godt med ein gitar og ein banjo, eller det faste grepet om trubadurrolla i ein song som «The Lass of Roch Royal» – dei mange gledene Whatever, Mortal baud på – er framleis påliteleg til stades i albumet.

Pajo har vore med i mange band og har verka under fleire ulike alias, så det kan vere enkelte kjenner han frå namn som Maurice, Slint, Aerial M, Tortoise, The For Carnation eller Dead Child. No er altså tida rett for å løfte fram prosjektet Papa M igjen.

Puslespel

Highway Songs går i mange ret?ning?ar og verkar lausare samansett enn ei plate som Whatever, Mortal, men samstundes viser albumet fleire sider av Pajo. Det musikalske uttrykket varierer breitt, og i nokre tilfelle verkar songane her som små puslespel, der bitar har falle på plass etter kvart, som med fine, passeleg spaserande «Walking on Coronado», der to låtar liksom krasjar i kvarandre.

Highway Songs pendlar mellom det harde og kantete («Flatliners», «Bloom») og det milde og forsonande («Walking on Coronado», «Little Girl»), slik at både pønkaren og trubaduren Pajo får vist seg fram.

Aller best meiner eg likevel Papa M denne gongen er i det akustiske instrumental-materialet, som på vakre, meditative «Dlvd», eller i det vesle, gåtefulle cinematiske og suggestive mellomsporet «Coda».

Tragediar

Så er det å håpe at Pajo, som har vore gjennom fleire tragediar dei siste åra, no kan finne ro i livet sitt. Etter at han i fjor la ut eit bittert avskilsbrev til eks-kona på bloggen sin for så å prøve å ta livet sitt, måtte dei næraste rundt han hjelpe han med å finne tilbake til gleda over å vere i livet. I endå seinare tid har han vore lenkja til rullestolen, etter at han hamna i ei ulukke med motorsykkelen sin i den galne Los Angeles-trafikken. Difor løftar eg stiften nok ein gong og slepper han ned i rillene før mystiske «Adore, A Jar», og sender nokre gode ønske David Pajos veg. Det var godt å høyre nye songar frå Papa M.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis