JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Rune Mandelid er verd å merka seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1575
20170707
1575
20170707

Fusion

RUNE MANDELID:

Spaceship Earth

Rune Mandelid, gitar, piano; John Lilja, bass; Ståle Birkeland, trommer, perkusjon; Victoria Sørlie Folkedal, fiolin; Hanna Nicoline Moland og Zane Kalina, bratsj; Ellen Martine Gismervik, cello.
RUCECD001

Rune Mandelid er ein gitarist, vokalist og komponist frå Voss som for tida er busett i Sandnes. Som artist må han vel kunna seiast å vera litt av ein einstøing. Han jobbar stort sett med eigne prosjekt. Spaceship Earth har han jobba med i fem år, hevdar han på si eiga heimeside. Mandelid har gjort godt arbeid i alle stadia av prosessen. Han har skrive alle ti låtane med tekstar til. I tillegg har han gjort eit stort etterarbeid i heimestudio med pålegg av både vokal og gitar.

Nettopp produksjonen er den sterkaste sida ved dette prosjektet. Det heile er gjennomarbeidt og forseggjort. Tematikken i tekstane dreiar seg om å sjå mennesket og mange menneskelege aktivitetar i eit kosmisk perspektiv. På sitt beste er Mandelid både poetisk og fleirtydig.

Musikalsk og vokalt hentar han inspirasjon frå mellom andre David Bowie og «sambygdingen» Thomas Dybdahl. Fleire låtar har ein distinkt, mollstemd karakter, sjølv om det ikkje er allsongmateriale.

Lilja og Birkeland gjer ein super kompjobb heile vegen, og strykekvartetten er ofte og effektivt til stade. Dei er arrangerte og miksa nydeleg inn i lydbiletet. Mandelid har laga eit heilstøypt produkt, sjølv om ikkje alle låtane er like minneverdige.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast plate-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis