JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Varierte og viktige meldingar frå ein stadig meir samspelt trio.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1909
20170602
1909
20170602

Jazz

Helge Lien Trio:

Guzuguzu

Helge Lien, piano, Frode Berg, bass og Per Oddvar Johansen, trommer. OZELLA OZ070CD

Helge Lien har vore på jakt i det japanske språket og funne onomatopoetikon – lydord – som han har brukt som titlar på åtte av dei ni låtane på den nye plata. Dei byrjar med torevêr («Gorogoro») og avsluttar med stille regn («Shitoshito»).

Som så ofte når Helge Lien gjev ut plater, har han komponert det meste av materialet sjølv. Det gjeld utan unnatak her. Komposisjonane held alltid høgt nivå, og her tykkjer eg det er spesielt vellukka fordi han gjennom låtmaterialet får fram alle dei sterke sidene ved trioen. Dette er svært godt illustrert i låten «Garari» («fullstendig»). Låten byrjar med ein kort trommeintro, Lien kjem inn og utvidar klangpaletten med å grafsa oppi flygelet før han spelar eit kort tema med venstrehanda unisont med Berg. Berg tek det vidare med nydeleg strykebass, og det heile munnar ut i eit langt kor av Lien oppå eit ostinat av Berg med intenst svingande trommespel av Johansen. Dei vender attende til temaet, og Berg avsluttar om mogeleg endå vakrare med bogen. Dette er eitt av fleire høgdepunkt på plata.

Eit anna høgdepunkt er tolkinga av «Jasmin», den einaste låten som blei spelt inn i ein studiosession for seg. Temaet er vakkert og tydeleg inspirert av norsk folkemusikk. Lien improviserer rundt ein låg borduntone i klaveret à la Keith Jarrett.

Assosiasjonar til Jarrett får ein også med den sprelske og skiftande låten «Kurukuru» («snurrar rundt») i tillegg til eit flott basskor. Heilt nedpå tek dei det med «Shitoshito». Her får Lien boltra seg i balladetempo til eit vispekomp som berre Per Oddvar Johansen kan. Nok eit blinkskot frå ein trio som sannsynlegvis ikkje kan laga dårlege plater.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis