Kombinasjonen Dahl, Steinway, Kongshaug og Rainbow er dynamitt.
JAZZ
Torhild Ostad / Carsten Dahl:
Jeg roper til deg
Torhild Ostad, vokal og Carsten Dahl, piano og
modifisert piano.
NORCD NORCD1781
For 21 år sidan gav Torhild Ostad ut Blomar i moll. Sidan har det vore stilt frå den kanten. Detaljar i den musikalske biografien er sparsame, men som plateartist har ho i alle fall skunda seg svært langsamt. Høvet til å jobba med den danske pianisten Carsten Dahl baud seg, og det kunne ikkje Ostad seia nei til.
Musikken blei spelt inn i mars i fjor i Rainbow Studios med Jan Erik Kongshaug ved spakane. Ryktet har gått framføre plata, og rykta sa at samarbeidet mellom Ostad og Dahl bygde på særs god kjemi. Musikalske tvillingsjeler, seier plateselskapet. Etter å ha høyrt på produktet nokre gonger, er eg freista til å gje dei rett, men ærast alle som bør ærast – dei har hatt særs god hjelp av nemnde studio og lydteknikar.
Plata byr på 13 låtar der seks er originalbidrag frå duoen, medan resten er tradisjonsmusikk frå ymse kantar av landet med eit tyngdepunkt på Sunnmøre, eit område Ostad kjenner godt frå oppveksten.
Mykje av tradisjonsstoffet er kjent, men Ostads personlege tolkingar og ikkje minst Dahls originale akkompagnement gjer dette til nye og til tider overraskande lytteopplevingar. Dette gjeld særleg dei låtane der Dahl nyttar såkalla modifisert piano.
Spelet til Dahl gjer Nils Olsen Svees «O Jesu, dagens klare sol» truverdig. Ostad og Dahl har funne kvarandre musikalsk, men Ostad er på sitt mest djuptloddande i den akkompagnerte «Tenk, når ein gong». Der kan ein høyra den mykje omtalte patinaen, og ein skjønar at det er ikkje alt ved det å bli eldre som er negativt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.