JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Fløytespelet til Jalal er både vart, kraftfullt og intenst

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1697
20170609
1697
20170609

Jazz

Friensemblet:

Out of Silence

Giraffa
Records GIR1706

Den femte plata til Friensemblet er spesiell fordi ho i så sterk grad fokuserer på gjestemusikaren og komponisten i bandet, franske Nalssam Jalal. Primus motor i Friensemblet, Mathilde Grooss Viddal, høyrde Jalal i NRKs Jungeltelegrafen. Kort tid etter møttest dei i Paris, og ein avtale om samarbeid blei gjort. Musikken blei spelt inn dels på den nasjonale jazzscena Victoria, Kampenjazz og Bø jazzklubb i 2015/2016, og no ligg resultatet føre. Det er blitt ein fin miks av arabiskpåverka musikk og musikk ein forventar å få servert frå Friensemblet.

Tre sekvensar

Jalal har syrisk bakgrunn og noko av utdanninga si frå Damaskus og Kairo. Ho kom attende til Frankrike i 2006, og leier i dag den spanande kvintetten Nalssam Jalal & Rhythm of Resistance.

Musikken er delt inn i tre sekvensar som blir innleidde av fire frittståande komposisjonar. Tre er signerte Viddal og éin Jalal. Så følgjer det frie stykket «Animal Farm» i tre deler, og plata blir avslutta med tre Jalal-komposisjonar, rettare sagt er «Frontières» eit dikt Jalal resiterer oppå eit klangteppe skapt av delar av orkesteret.

Kraftfullt

Det er ikkje alltid eg lèt meg begeistra av fløytekor, men Jalals fløytespel har noko både forførerisk og kraftfullt ved seg. Ho inspirerer fleire musikarar til å følgja opp, og Out of Silence må vera det spenstigaste ensemblet har gjort, solistisk sett. Plata er fylt opp av kreative bidrag. Med dette samarbeidet har Viddal teke Friensemblet endå eit kunstnarleg sjumilssteg vidare.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis