Høgtidsstemt

Det er liv og rørsle i Tine Thing Helseths trompettone.

Den norske trompetisten Tine Thing Helseth.
Den norske trompetisten Tine Thing Helseth.
Publisert Sist oppdatert

Historisk sett er dei emblematiske for kvar sin musikkstil: Trompeten for militærmusikken og orgelet for kyrkjemusikken. Likevel høver dei godt saman. Sjølv om dei ser svært ulike ut, er dei jo begge blåseinstrument – orgelet har rett nok tangentar, men lyden blir til av luft under trykk som blir leidd gjennom ei mengd ulike piper.

I prektige satsar dannar den klåre orgelklangen ein stabil lydleg vegg der trompeten kan sparka godt ifrå. Men den moderne trompeten er òg svært dynamisk og artikulatorisk smidig. I rolege satsar blandar han seg vakkert med dei linne registera til orgelet. Men dette krev ein dyktig solist som skaper klangleg variasjon utan å ty til for mykje vibrato. Tine Thing Helseth er ein slik solist. På albumet Magical Memories (tittelen burde dei gått nokre rundar til med) musiserer ho i lag med ein annan av dei fremste i Noreg på sitt felt: Kåre Nordstoga, som her spelar i Oslo domkyrkje, der han er domorganist.

Eurovisjonen

Instrumentkombinasjonen er noko som får dei fleste av oss til å tenkja på høgtidsgudstenester og bryllaup. (Vurderer du å gifta deg – kyrkjeleg, vel å merka – er denne plata ein katalog av alternativ. Nokre dugande gravferdsstykke finst òg.) Lite av repertoaret er opphavleg skrive for trompet og orgel, men er arrangert av Helseth, Nordstoga og Jarle Storløkken.

Mykje vil du kjenna att, særleg opningssporet: preludiet frå Marc-Antonie Charpentiers (1643–1704) Te Deum, der dei fyrste åtte taktane utgjer kjenningsmelodien til Eurovisjonen. Framføringa til Helseth og Nordstoga er annleis og mykje betre enn den til Eurovisjonen. Dei får til god flyt og sving, mellom anna av di dei ikkje legg vekt på fire slag i kvar takt, som Eurovisjonen gjer, men berre to slag.

Heltemusikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement