Guten frå Michigan
John Grants nye album har eit sterkt sjølvbiografisk preg.
I «The Cruise Room», eit av nøkkelspora på nye Boy from Michigan, tek John Grant lyttaren med inn i eit minne frå ein bar som er eit landemerke i Denver, i delstaten Colorado, og har vore det sidan 1930-talet.
Kven låtskrivaren og songaren var saman med der ein eller annan gong i tenåra, er ikkje godt å seie, og det er heller ikkje så farleg. Det viktige er det rosa lysskjæret og arkitekturen Grant badar minnet i, «art deco-gløden» frå Cruise Room og ei uskuld han assosierer med staden og stemninga der som er tapt for alltid: «I see you not knowing all the things we didn’t know/ at the Cruise Room/ way back then.»
Mellom alt dette ein ikkje visste, men som seinare skulle komme, høyrer både homohets frå alskens fundamentalistiske kristne som nesten øydela ein ung, famlande Grant, og seinare rusproblema som var nær på å ta knekken på han.
Sjølvbiografisk
Pianoballaden er elegant og rørande, og han viser denne artisten på sitt beste, etter mitt syn. Kvar detalj er eigna til å tilføre det elegiske preget ekstra djupne, ikkje minst klarinettspelet, som kanskje er det ekstra litle som får meg tilbake til akkurat denne songen, igjen og igjen.
Guten frå Michigan i platetittelen er nok Grant sjølv. Han voks opp i delstaten, til familien flytta til Denver då han var tolv år gammal, og dermed frå rustbeltet til bibelbeltet, som pressemeldinga som følgjer utgivinga seier det så presist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.