Formalisme

Oslo-Filharmonien spelar to sovjetiske symfonikarar som fall i unåde.

Den russiske komponisten Sergej Prokofjev (1891–1953).
Den russiske komponisten Sergej Prokofjev (1891–1953).
Publisert

Å bli erklært som «formalist» var lagnadstungt for ein sovjetisk kunstnar i Stalin-tida. Begge komponistane på dette albumet med Oslo-Filharmoniens tidlegare sjefdirigent Vasilij Petrenko fekk denne merkelappen i eit dekret frå 1948, ført i pennen av Stalins yndling i sentralkomiteen, Andrej Zjdanov (1896–1948). Zjdanov skulda komponistane for «formalistiske forvrengingar og antidemokratiske tendensar som er framande for det sovjetiske folkets kunstnarlege smak».

Kva tyder så formalisme? Vanlegvis blir det nytta om kunstnarar som legg så mykje vekt på forma og detaljane i verka sine at det går ut over viktigare aspekt. Men av kommunistane i Sovjet og i dei sosialistiske satellittstatane (til dømes DDR) blei omgrepet nytta polemisk, som skjellsord mot alt avantgardistisk. Zjdanov og partifellane fylgde nemleg dogmet om den «sosialistiske realismen». I dette utprega didaktiske kunstsynet skulle kunsten tena den «ideologiske omstruktureringa og oppsedinga av det arbeidande folket i sosialismens ånd». For musikken sin del tydde det ein heroisk og oppbyggjeleg stil, med lettfatteleg tematikk og melodikk.

Prokofjev

Sergej Prokofjevs karriereveg er smått absurd. Han drog frå Russland i 1918 for å slå seg ned i USA og seinare Paris. Men i 1936, midt under Stalins verste terror, fann han det for godt å flytta heim att til Russland. Resten av karrieren blei ein berg-og-dal-bane: For den femte symfonien sin (1944) vann han Stalinprisen. Den neste, Symfoni nr. 6 i Ess-dur, op. 111, blei bannlyst året etter (den vellukka) urframføringa i 1947.

Kan hende hadde bannlysinga med den tragiske tonen i verket å gjera, der krigsåra klang i bakgrunnen. Som Prokofjev sa: «No jublar alle over den store sigeren, men me har alle sår som ikkje kan lækjast.» Dette særpreget får Oslo-Filharmonien fint fram, til dømes i opninga av tredjesatsen «Vivace», der det livfullt landlege temaet i fyrstefiolinane blir skipla av morskt stampande marsjrytmar. Dette kontrasterande elementet kjem att fleire gonger i satsen og symboliserer ifylgje komponisten vondskapen.

Mjaskovskij

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement