Formalisme
Oslo-Filharmonien spelar to sovjetiske symfonikarar som fall i unåde.
Den russiske komponisten Sergej Prokofjev (1891–1953).
Foto: Library of Congress
CD
Sergej Prokofjev, Nikolaj Mjaskovskij:
Symfoniar
Oslo-Filharmonien; dir.: Vasilij Petrenko. Lawo 2021
Å bli erklært som «formalist» var lagnadstungt for ein sovjetisk kunstnar i Stalin-tida. Begge komponistane på dette albumet med Oslo-Filharmoniens tidlegare sjefdirigent Vasilij Petrenko fekk denne merkelappen i eit dekret frå 1948, ført i pennen av Stalins yndling i sentralkomiteen, Andrej Zjdanov (1896–1948). Zjdanov skulda komponistane for «formalistiske forvrengingar og antidemokratiske tendensar som er framande for det sovjetiske folkets kunstnarlege smak».
Kva tyder så formalisme? Vanlegvis blir det nytta om kunstnarar som legg så mykje vekt på forma og detaljane i verka sine at det går ut over viktigare aspekt. Men av kommunistane i Sovjet og i dei sosialistiske satellittstatane (til dømes DDR) blei omgrepet nytta polemisk, som skjellsord mot alt avantgardistisk. Zjdanov og partifellane fylgde nemleg dogmet om den «sosialistiske realismen». I dette utprega didaktiske kunstsynet skulle kunsten tena den «ideologiske omstruktureringa og oppsedinga av det arbeidande folket i sosialismens ånd». For musikken sin del tydde det ein heroisk og oppbyggjeleg stil, med lettfatteleg tematikk og melodikk.
Prokofjev
Sergej Prokofjevs karriereveg er smått absurd. Han drog frå Russland i 1918 for å slå seg ned i USA og seinare Paris. Men i 1936, midt under Stalins verste terror, fann han det for godt å flytta heim att til Russland. Resten av karrieren blei ein berg-og-dal-bane: For den femte symfonien sin (1944) vann han Stalinprisen. Den neste, Symfoni nr. 6 i Ess-dur, op. 111, blei bannlyst året etter (den vellukka) urframføringa i 1947.
Kan hende hadde bannlysinga med den tragiske tonen i verket å gjera, der krigsåra klang i bakgrunnen. Som Prokofjev sa: «No jublar alle over den store sigeren, men me har alle sår som ikkje kan lækjast.» Dette særpreget får Oslo-Filharmonien fint fram, til dømes i opninga av tredjesatsen «Vivace», der det livfullt landlege temaet i fyrstefiolinane blir skipla av morskt stampande marsjrytmar. Dette kontrasterande elementet kjem att fleire gonger i satsen og symboliserer ifylgje komponisten vondskapen.
Mjaskovskij
Den andre symfonikaren på plata er den meir produktive, men sjeldnare framførte Nikolaj Mjaskovskij (1881–1950). Petrenko dirigerer her den siste av dei 27 symfoniane hans, Symfoni i c-moll, op. 85, frå 1949. Finalen «Presto ma non troppo» har fin flyt. Dei lynsnare triolane, som går mest uhindra gjennom heile satsen, blir vedunderleg plastisk fraserte av Oslo-Filharmonien.
Symfonien blei ikkje urframført før nokre månadar etter Mjaskovskijs bortgang i 1950. På dette tidspunktet var òg den kulturpolitiske pampen Zjdanov, som hadde skulda han for formalisme, død. Mjaskovskij blei atter teken inn i varmen og tildelt Stalinprisen for verket – posthumt.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.