Fem på tolv
Klokka tikkar på Norsk Utflukts nye bluesalbum.
Norsk Utflukt anno 2021: Lars Saabye Christensen (t.v.), Kåre Virud, Tore Wildhauer, Espen Fjelle og Baard Slagsvold.
Foto: Morten Gjerde
Blues
Norsk
Utflukt:
Heder & verdighet
Grammofon
«De døde tar tiden med seg, men klokkene deres går», heiter det i «Blues for etterkommere», eit av spora på Heder & verdighet, årets album frå Norsk Utflukt. Igjen møter Lars Saabye Christensens blåe poesi Kåre Viruds blåe gitarspel, i eit stykke veteranblues som har blikk for både åra og minutta, for dei store tidslinene og dei små augneblunkane.
Tonesett poesi
Den første plata til Norsk Utflukt har ein spesiell plass i hylla mi. Ein kompis introduserte meg for Med lyset på (1992) ein kveld i studietida på den vesle hybelen hans, då han la vinylen på tallerkenen og sette på «Blues for en av de dagene». Det vart eit stykke tonesett poesi som eg fleire gonger henta fram i åra som følgde, om eg trong nett det, ein blues for ein av dei dagane.
For ein ung litteraturstudent var songen ei oppdaging, for her møtte poesien ein slakk gitar i blues som kjendest blå nok, i ei skildring av kor bratt bakken heim kan vere når du er tilstrekkeleg trøytt, og det slår deg at du gjekk ut då klokka var sju, og no «nærmer den seg seks».
Slik er det med tidsforløpet, som uansett korleis du vender og snur på det, har noko uutgrundeleg over seg – difor har det vel også vorte eit klassisk tema i bluestradisjonen. Det har gått snart 30 år sidan Med lyset på kom ut, og når eg hentar debuten fram og kikkar på omslaget, ser eg på ein Kåre Virud som er rundt femti og ein Lars Saabye Christensen som er rundt førti år. For 2021-utgåva er to aldrande menn i front. «I går var den fem på tolv, i dag er den mer», heiter det i «Urmaker Blues», ein av låtane på Heder & verdighet.
Musikalsk variert
Albumet er noko meir musikalsk variert enn tidlegare utgivingar frå desse karane, men plasserer seg likevel fint i rekkja, der Med lyset på vart følgt av Diger og gul (1997), Det blå arret (2002), Tida som går (2004) og Long Distance Call (2013). I tillegg til poeten og gitaristen er også Baard Slagsvold (bass, vokal, piano), Tore Wildhauer (trommer, perkusjon) og Espen Fjelle (tangentar) med, og Slagsvold har også gjort ein fin jobb som produsent.
Kva er viktig for at eit dikt skal funke i ein blues? Det same som for all annan blues, vil eg tru. Christensens røyst er slik at du trur på det han seier. Ikkje berre er tekstane av høg litterær kvalitet, dei vitnar òg om ei djup (og kjærleg) forståing av det som er grunnleggjande i bluesen. Virud kjenner bluesidiomet ut og inn og har det i fingrane.
Nok sagt. No skal eg lytte til «Nesten optimistisk blues» igjen, som treffsikkert modererer sjølvhjelpslitteraturens påtrengande positivitet med ei meir nøktern livsinnstilling: «Alt som går på skinner, kan spore av».
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.