Feiring av kropp og arbeid
Megan Thee Stallion avslører hykleriet i det verdikonservative verdsbiletet.
Den framifrå rapparen Megan Thee Stallion har ikkje lege på latsida sidan det førre albumet hennar, Good News, kom ut. Dei siste månadene har ho til dømes bidrege til Beautiful Mistakes av popgruppa Maroon 5 (ei låt som utanom Stallions rap er ganske stygg), og for tida er det furore – igjen – blant keisame konservative synsarar på grunn av den nye singelen med tilhøyrande video, «Thot Shit».
Det har blitt ein slags tradisjon for Stallion å levere eit sumarleg varmesjokk i form av hardtslåande rap og frimodig dans. I 2019 samarbeidde ho med Nicki Minaj om songen «Hot Girl Summer», og i fjor var ho med på Cardi Bs kontroversgenererande singel og video WAP, ei frigjerande feiring av feminin kropp og seksualitet.
Konservative miso-
gynistar som Fox News-personlegdomen Tucker Carlson kunne ikkje tole å sjå (svarte) kvinner ta kontroll over eigen kropp, og tolka mangelen på sexnegativitet som eit teikn på undergangen, noko som gjorde det heile endå meir underhaldande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.