Ei ny og spanande verd
Knut Reiersrud og Kringkastingsorkesteret er i spanande samtalar med Dvorák og Beethoven.
Det er dristig, det Knut Reiersrud Band, KORK og dirigent Christian Eggen har gjeve seg ut på. For ein god mannsalder sidan var slikt heilagbrot. Det skal også leggjast til at eg har høyrt ganske mange symfoniorkester-, jazz- og rocksamarbeid som ikkje har skapt anna inntrykk enn ei kjensle av at utøvarane går i vegen for kvarandre. Det er hyggeleg å konstatera at resultatet av dette samarbeidet er blitt særs vellukka.
New World inneheld ny musikk med utgangspunkt i Antonín Dvoráks 7. symfoni, 2. sats og ditto frå Ludwig van Beethoven. Å kalla dei to vel 20 minuttar lange spora «Conversation with Dvorák» og «Conversation with Beethoven» er ganske frimodig. Både Dvorák og Beethoven har i utgangspunktet sagt sitt. Titlane indikerer også likeverd, men Reiersrud & Co. har orda sine i behald. Det samla uttrykket er gjort med naudsynt respekt, men langt frå hemmande servilt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.