Arkivet: Mississippi John Hurt
John Smith Hurt vart posthumt vald inn i Blues Hall of Fame i 1988.
Foto: Wikipedia
Han var ikkje gamle guten, John Smith Hurt (1893–1966), seinare betre kjend som Mississippi John Hurt, då han sjølv lærte seg å spele gitar. Dei fleste biografiske framstillingar kan fortelje at det skjedde då han var i niårsalderen, i oppveksten i Avalon i Mississippi. Etter kvart vart var han å finne på dans og fest med gitaren, og så vart med tida ei rekkje songar spelte inn for Okeh Records i 1928, opptak som i dag er for klassikarar å rekne, trass i at det ikkje skaffa verken Hurt eller andre pengar å snakke om på den tida.
I staden vart det gardsarbeid på Hurt, i år etter år etter år, men då eit par av songane hans kom med på The Anthology of American Folk Music i 1952, vekte dei ei ny interesse for å finne han. Etter kvart vart han oppmoda om å flytte til Washington D.C., og kalenderåret 1963 vart eit vendepunkt, då han gjesta festivalar, konsertsalar og dukka opp på TV i beste sendetid.
Det var også i juli det året at kongressbiblioteket inviterte Hurt til Coolidge Auditorium i hovudstaden, der dei gjorde opptak av dusinvis av songar, og 40 av dei er med på Mr. Hurt Goes To Washington (Sunset Blvd Records/ Border).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.