Arkivet: Ein kveld i Shoals Theatre

Publisert

Det var Patterson Hood og Mike Cooley som stifta Drive-By Truckers i Athens i Georgia for tjuefem år sidan, og så kom Jason Isbell med litt ut på 2000-talet. Han fekk ei sentral rolle i dei fem åra han var med, fram til han forlét bandet på vårparten i 2007. Isbell har etter kvart fått ein flott solokarriere, med ei rekkje fine plater, og Drive-By Truckers har vist seg kanskje meir vitale enn nokosinne i seinare år.

Men vegar kan som kjent kryssast igjen, og ein junikveld i 2014 gjekk Isbell på scenen saman med Hood og Cooley, i omgivnader som var alt anna enn tilfeldige – konserten var i Shoals Theatre i Florence i Alabama, på det som er heimlege trakter for alle tre. Heldigvis laga nokon eit opptak, og no er Live at the Shoals Theatre ute på vinyl, i ein boks med fire plater.

Shoals Theatre var lokal kino då karane voks opp, får vi høyre, og Patterson Hood kan hugse at rommet vart brukt som barnevakt. (Han er sonen til Muscle Shoals-musikaren David Hood.) Songskatten til Isbell og Hood/Cooley har vakse godt på seg i løpet av dei sju åra som har gått sidan denne kvelden, men jammen hadde dei solide greier å by på då også.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement