JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Ein kveld i Shoals Theatre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1495
20210604
1495
20210604

Det var Patterson Hood og Mike Cooley som stifta Drive-By Truckers i Athens i Georgia for tjuefem år sidan, og så kom Jason Isbell med litt ut på 2000-talet. Han fekk ei sentral rolle i dei fem åra han var med, fram til han forlét bandet på vårparten i 2007. Isbell har etter kvart fått ein flott solokarriere, med ei rekkje fine plater, og Drive-By Truckers har vist seg kanskje meir vitale enn nokosinne i seinare år.

Men vegar kan som kjent kryssast igjen, og ein junikveld i 2014 gjekk Isbell på scenen saman med Hood og Cooley, i omgivnader som var alt anna enn tilfeldige – konserten var i Shoals Theatre i Florence i Alabama, på det som er heimlege trakter for alle tre. Heldigvis laga nokon eit opptak, og no er Live at the Shoals Theatre ute på vinyl, i ein boks med fire plater.

Shoals Theatre var lokal kino då karane voks opp, får vi høyre, og Patterson Hood kan hugse at rommet vart brukt som barnevakt. (Han er sonen til Muscle Shoals-musikaren David Hood.) Songskatten til Isbell og Hood/Cooley har vakse godt på seg i løpet av dei sju åra som har gått sidan denne kvelden, men jammen hadde dei solide greier å by på då også.

Høgt på favorittlista kjem den Isbell-skrivne songen «Danko/Manuel», opphavleg på The Dirty South (2004), som sirklar inn livslagnad og livslærdom ved å nærme seg forteljingane til Richard Manuel og Rick Danko (The Band) på rørande og elegant vis, nydeleg framført i heilakustisk drakt denne junikvelden.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det var Patterson Hood og Mike Cooley som stifta Drive-By Truckers i Athens i Georgia for tjuefem år sidan, og så kom Jason Isbell med litt ut på 2000-talet. Han fekk ei sentral rolle i dei fem åra han var med, fram til han forlét bandet på vårparten i 2007. Isbell har etter kvart fått ein flott solokarriere, med ei rekkje fine plater, og Drive-By Truckers har vist seg kanskje meir vitale enn nokosinne i seinare år.

Men vegar kan som kjent kryssast igjen, og ein junikveld i 2014 gjekk Isbell på scenen saman med Hood og Cooley, i omgivnader som var alt anna enn tilfeldige – konserten var i Shoals Theatre i Florence i Alabama, på det som er heimlege trakter for alle tre. Heldigvis laga nokon eit opptak, og no er Live at the Shoals Theatre ute på vinyl, i ein boks med fire plater.

Shoals Theatre var lokal kino då karane voks opp, får vi høyre, og Patterson Hood kan hugse at rommet vart brukt som barnevakt. (Han er sonen til Muscle Shoals-musikaren David Hood.) Songskatten til Isbell og Hood/Cooley har vakse godt på seg i løpet av dei sju åra som har gått sidan denne kvelden, men jammen hadde dei solide greier å by på då også.

Høgt på favorittlista kjem den Isbell-skrivne songen «Danko/Manuel», opphavleg på The Dirty South (2004), som sirklar inn livslagnad og livslærdom ved å nærme seg forteljingane til Richard Manuel og Rick Danko (The Band) på rørande og elegant vis, nydeleg framført i heilakustisk drakt denne junikvelden.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.

Foto: Eng Chin An / FIDE

SjakkKunnskap
Atle Grønn

Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.

Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar
Brit Aksnes

At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.

Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.

Foto: Maria Gros Vatne

FilmKultur
Mona Louise Dysvik Mørk

Frå draum til sorg

Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».

ReportasjeFeature

Å stira diskret

Kvifor er det flautt å sjå?

May Linn Clement
ReportasjeFeature

Å stira diskret

Kvifor er det flautt å sjå?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis