Arkivet: Chick Corea

Chick Corea (t.v.) og Gary Burton spelte saman på Moldejazz i 2007.
Chick Corea (t.v.) og Gary Burton spelte saman på Moldejazz i 2007.
Publisert

Denne laurdagen ville Armando Anthony Corea ha fylt 80 år, om han ikkje gjekk bort i vinter, og det passar seg å minnest jazzpianisten med tre spor (frå ein rik katalog det er vanskeleg å velje frå):

Corea laga fleire plater med vibrafonisten Gary Burton, som han gjesta Moldejazz med eit par gonger, og eit opptak frå 2007 er med på albumet The New Crystal Silence: Du bommar ikkje stygt om du vier åtte minutt av laurdagskvelden til duoens livlege tolking av «Waltz for Debby» (Bill Evans) på denne plata.

Corea arbeidde tett med Erlend Skomsvoll og Trondheim Jazzorkester ved fleire høve, og då pianisten feira 75-årsdag vart gjengen invitert over til New York for å spele på Blue Note. Stas! Eit flott opptak frå våren 2018, då dei spelte på Victoria i Oslo, ligg og ventar på deg på YouTube, og viser Skomsvolls fantastiske arrangement – sjekk ut kva han gjer med Corea-klassikaren «Armandos Rhumba».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement