Reportasje

I skuggen av jernteppet

Sør-Varanger endra seg radikalt da grensa mot Russland blei opna. Så endra alt seg tilbake igjen, men ikkje til det same.

Kirkenes sommaren 2025.
Publisert Sist oppdatert

Etter å ha vore i Bugøynes og Neiden køyrer gutungen og eg i retning Kirkenes, langs Munkefjorden. Namnet er litt mystisk, for det har aldri vore noko kloster her. Klosteret låg i Petsjenga, som i dei gamle dansknorske kjeldene blei kalla Peisen. Namnet Munkefjorden viser truleg til dei russiske munkane som kristna skoltesamane i Neiden-området på 1500-talet.

Vi hadde hytte ved Munkefjorden da eg var gut, men hytta er ikkje lenger synleg frå vegen. Bjørkeskogen er blitt for tett og høg, og for å vere ærleg er eg litt usikker på kor ho låg. Eg sleit ikkje ned den hytta. Da ho blei ferdig, var eg blitt tenåring, og eg kunne ty til alle typar unnskyldningar for å sleppe å vere med og heller vere åleine heime.

Det blir ofte sagt at dagens barn ikkje greier å aktivere seg sjølv. Det greidde vi, ved å lage små bomber av krut frå krigen, tjuvlåne bilar, starte små brannar og drikke alkohol som vi stal frå barskapa til foreldra – son til polsjefen var ein god venn av meg – og konsumerte i tyske bunkerar eller gamle bilvrak. I tillegg dreiv vi med mange typar idrett.

Eg kastar eit raskt blikk bort på guten som sit ved sida av meg. Auga hans er enno fylte av uskuld, han kan enno ikkje lyge utan at eg ser det, og framleis kan han, utan å tenke seg om, ta handa mi når vi går ute. Om få år er han i den same alderen som eg var den gongen. Det går kaldt nedover ryggen min når eg tenker på all prøvinga og feilinga han skal gjennom på vegen inn i vaksenlivet.

VI KØYRER FORBI Høybuktmoen – flyplassen og militærleiren – og vidare over Strømmen bru. På vegen over lurer eg på om brua enno er underminert. Da eg kom tilbake til Sør-Varanger for å gjere verneplikt, fire år etter at vi hadde flytta, var ei av oppgåvene mine å sjekke, midt på natta, at krinsane av elektrisk leidning under brua var intakte, slik at det berre var å kople på ein detonator og sprenge i veg.

Dette var mot slutten av den kalde krigen. Om eg skulle tippe, gjekk det slik med sprengladningane under brua: Rundt år 2000, da ein krig mellom Russland og Noreg/Nato verka ganske utenkeleg, blei sprengstoffet fjerna i lag med mykje annan forsvarsstruktur. No er sikkert sprengladningane og alle dei gamle planane på plass att. Blir det krig, er den norske militærstrategien ikkje ulik den som tyskarane hadde i 1944: å trekke seg tilbake mens ein øydelegg all infrastruktur som kan bli verdifull for fienden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement