JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

«Sørg berre for å få dei ut!»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Born evakuerte frå ein barneheim i Zaporizhzhia har kome til grensebyen Lviv og skal vidare med tog til Polen.

Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters / NTB

3833
20220311
3833
20220311

Russarane har det greitt når folk er i vegen for dei eller til bry: Dei berre sender dei ut til næraste utland. Der oppdagar dei nye «turistane» ofte – ikkje alltid, men stort sett – at det går like greitt eller litt greiare enn det gjer heime i Russland dersom styresmaktene har lagt vrangsida til, og så vert dei verande i det nye landet.

Lengten etter Russland er likevel konstant og sterk, for ikkje lenge sidan bladde eg gjennom sidene om Boris Pasternak, som i 1958 vart mobba heilt til han sa nei til Nobelprisen i litteratur; han kunne ikkje tenkja seg eit liv utanfor fedrelandets grenser, same kor mykje vondt Moskva hadde gjort han. Slik vart han verande der heilt til han døydde.

Dei ukrainarane som no ikkje ser råd for å verta i det gamle Russland, vil helst unngå å flytta, dei òg, men tilhøvet mellom russarar og ukrainarar er så grundig forgifta med den nye krigen at lite sikkert kan seiast om framtida, både deira eiga framtid og framtida for landet. Men det vil ta lang tid før ukrainarane finn seg såpass til rette at Russland vert ein naturleg stad for dei generasjonane som har vore fleire ættleder i Ukraina.

Med den nye krigen har Putin heilt tydeleg endra situasjonen grundigare enn han i utgangspunktet kan ha tenkt seg da han gav klarsignalet, og for alle dei ukrainarane som no enda mykje sterkare kjenner på at dei har fått behov for ei tryggare grense. Og ei grense med bruk for enda større bomber har ukrainarane aldri bede nokon om, sjølv med alt ukrainarane har opplevd gjennom hundreåra. Dette er ein del av reknestykket som Putin truleg ikkje såg da krigen starta 24. februar, og han kan ha forrekna seg, same kor mykje sterkare krigsmakt han rår over enn alle grannane. Dette er det han sit ved og med, same kor stort og nytt arbeidsbord han har skaffa seg.

Tilhøvet mellom Russland og Ukraina har aldri vore enkelt, og den nye krigen har floka det til på måtar som ikkje eingong dei mest militaristiske i Moskva kan ha vore førebudde på. Det ser det heller ikkje ut til at Putin er, same kor mykje klassisk imperialisme som frå gamalt av sit i veggene rundt han i Kreml. Det har han svært kvikt fått større sans for enn godt er; tilpassinga hans har gått så altfor lett, så langt.

Men som vi alt har nemnt eit par gonger på denne plassen, har det vore skammeleg enkelt for eineherskaren. For ukrainarane er det mykje enklare; dei skal ikkje grava så djupt i sjela før dei kjem ned på gamalt grums og russarhat som Putin meir enn gjerne vil lata att augo for. For ein mann med Putins bakgrunn er det freistande å klassifisera det som ei feilvurdering, og med Kremls augo er ukrainarane pliktige til å sjå det som mangel på takksemd. Dette vert nok den store framtidsutgiftsposten for mannen som no eslar seg til å verta den tsaren han ser seg sjølv som. Det ligg an til å verta eit av dei reknestykka hans som ikkje går opp.

Russland har ikkje kosta på seg dei nedslåande reknestykka som viser kor mange som har søkt eksiltilværet, og kva det har kosta dei kulturelt. Trass i breidda og det imponerande høge nivået var det lite som gjorde meg meir mismodig enn å sjå russiske kunstsamlingar på museum som til dømes Museum of Modern Art i New York; der er og var det utstilt bilete som skulle ha vore på russiske kunstmuseum. Men det var ikkje der dei hadde heimen sin.

No reiser desse flyktningane atter ein gong i hopetal, og det vert andre enn russarar og ukrainarar som får nyta godt av dei, fordi det ikkje er verande i heimlandet lenger. Dette er problem som russarane opp gjennom hundreåra aldri har makta å rå med. Og no har vi igjen fleire nye flyktningstraumar i vente, til beste for alle andre enn ukrainarar og russarar.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den nye krigen har floka det til på måtar som ikkje eingong dei mest militaristiske i Moskva kan ha vore førebudde på.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis