Når politisjefar vert bura inne
Dåverande sjef for det danske etterretningspolitiet Lars Findsen på ein pressekonferanse i København i 2017. No er han varetekstfengsla.
Foto: Liselotte Sabroe / Reuters / Scanpix / NTB
I Stalins tid vart dei ofte det, og gjernast gjekk det dårleg med dei. Den harde lagnaden dei hadde målt ut for andre, vart deira eigen, og det var gjennomgåande ingen nåde.
Det finst bindsterke verk om både Lavrentij Beria og fleire andre handlekraftige og nådelause bødlar, og dokumenta om Beria er fengslande lesnad for oss som har makaber sans for slikt. Han visste kva han hadde i vente, men sat og skreiv brev på brev til dei som hadde arrestert han, og som gav ordre om at han skulle skytast. Slik gjekk det òg.
Enka hans og sonen har skrive interessante memoarar. Det tok litt tid før dei kom, dei låg i høge stablar på to av dei eksklusive bokhandlane på Nevskij Prospekt i St. Petersburg. Saman med mellom andre Tolstoj, Dostojevskij og Nabokov. Å, det var tider for oss bokinteresserte.
Det går nok ikkje fullt så ille for sjefen i det danske etterretningspolitiet (PET), Lars Findsen, men forhandlingane han skal ha med pensjonsstyresmaktene i København, kan verta fengslande når ting kjem så langt. Han vart bura inne like over årsskiftet, og skandalen vart kjend for full musikk 10. januar. «Det er mig ubegribeligt og ufatteligt, at sådan en person og profil på nogen måde har motiv til landsforræderisk virksomhed», sa tidlegare operativ sjef i PET Hans Jørgen Bonnichsen, som hadde Findsen som sjef i 2002–2007.
Findsen seier at han ikkje har gjort noko gale, og lovar at han vil forsvara seg. Det han er skulda for, er to ting: lekkasjar til den danske pressa om at han har samarbeidd altfor nært med andre allierte, ikkje minst med USA. Dette kan vera svært interessant for mellom anna norsk etterretning, og det er lite truleg at vi får vita spesielt mykje om det. Findsen får temmeleg sikkert saka si for stengde dører, og like sikkert er det vel at ho går etter 3T-prinsippet: Ting tek tid.
I slike saker vert det alltid diskusjon om kva som er verst: Det som har hendt, eller det at det vert kjent. For oss pressefolk er det siste viktigare, men vi er no kjende som nokre samvitslause snokar. Dansk presse har det travelt, men beitet er magert, og ekssjef Findsen kjem nok ikkje til orde på så mange pressekonferansar. Vi får sjå, eller kanskje er det nett det vi ikkje får.
Det tankevekkjande er at vi truleg får vita meir – bøkene er enno å få tak i – om det som Beria skreiv til dei han vart for sein til å arrestera. Han vart skoten i jula i 1953 av kommandanten i Kreml i ein kjellar i Ljubjanka-fengslet, mest truleg, der så mange av offera hans hadde enda dagane sine. Og memoarane, er dei sanne? Nokre av dei er kanskje det. Men det kan vi nok ikkje vera for trygge på.
Vi får venta på danskane. Men det skal nok ta si tid, det òg. Og fort går det ikkje her i landet heller, i januar 1984 vart Arne Treholt arrestert, og det tok tid før den siste anken om gjenopptaking og omkamp hamna i skuffa, da det viste seg at den beste «kjelda» hans var ein drapsdømd svensk bilseljar.
Dei som Beria slost mot, hadde finare uniformer og høgare status.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi får sjå, eller kanskje er det nett det vi ikkje får.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.