JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Eit meir aktivt diplomati

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den franske presidenten Emmanuel Macron og den russiske presidenten Vladimir Putin møttest til samtalar i Moskva måndag denne veka.

Foto: Thibault Camus / Pool / Reuters 7 NTB

3090
20220211
3090
20220211

Frå både tysk og fransk side har det kome fart i det internasjonale diplomatiet, i von om at den ukrainsk-russiske krisa skal kunna verta avverja, eller i det minste dempa. Den nye tyske regjeringssjefen har vore i Washington, og den franske presidenten tok seg ein tur til Moskva for å møta Vladimir Putin der, ei form for verksemd som franskmennene ikkje har vist på lang tid.

Etter at Angela Merkel vart skifta ut, har etterfylgjaren hennar vore merkeleg passiv, og reisa til USA er det første teiknet på at den nye leiaren i Berlin ser for seg ei anna og større rolle i månadene framover.

Det er lite truleg at den ukrainsk-russiske krisa kan meistrast utan tyske bidrag. Tyskland kjem ikkje unna det ansvaret som landet har, med sin plass i Europa og i EU, og turen til Washington er det første teiknet på at den nye forbundskanslaren vil ta på seg ei større rolle i utanrikspolitikken.

Det er tenkjeleg at tyskarane omsider ser at dei, eller resten av EU, for den del, må kome seg ut av passiviteten som Olaf Scholtz har vist i desse seks første vekene i det nye året. Tomrom vert ofte fylte, og det er vanskeleg å sjå at det vil tena andre interesser enn russarane sine dersom det vert Putin sikrar seg større handlingsrom. Det meste tyder på at Putin har teke mål av seg til ein plass som stormaktsleiar, ein tankegang som fell naturleg for den som er påverka av det som frå gamalt av sit i veggene i Kreml.

For den franske presidenten er det ikkje naturleg med passivitet, kor lite Macron enn minner om folk av de Gaulles format og tenking. Men Macron har vist få teikn til å gå i fotspora til dei meir nasjonalistiske franske statssjefane.

Ein annan ukjend faktor ligg i Washington, der ingen kan vita kva for planar Donald Trump vil smi med sikte på valåret i 2024. At han har appetitt på fire nye år som president, er meir enn truleg. Og ingen kan vera trygg på korleis den neste valkampen vil arta seg.

Appetitt er viktig, men ikkje avgjerande, slik det politiske landskapet i USA no formar seg, og det er uråd å vita kor mykje Trump har øydelagt for seg sjølv og sine eigne interesser fram til no. Det vi bør ha lært, er at det er lett å undervurdera han; mange er dei som har tapt duellar mot Trump nettopp av dei årsakene. Den neste valkampen kan verta noko heilt anna enn det vi har fått vera vitne til så langt i dette hundreåret.

Det vi nok veit minst om, er fylgjene av det nye samspelet som er i emning mellom Russland og Kina. Om det ikkje er ein verkeleg Beijing–Moskva-akse vi ser konturane av, så kan det bli eit samspel som begge dei to stormaktene kan dra føremoner av. Det vil stilla store krav til det amerikanske diplomatiet i den nye tredjedelen av denne tidbolken, noko som kan få verknader ikkje minst i Ukraina og Russland.

Det kjem til å verka på EU, og til å setja USA på nye prøver, anten presidenten heiter Trump eller noko heilt anna. Analytikarane vert alt anna enn gjerandslause i den tida vi har i vente.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vi nok veit minst om, er fylgjene av det nye samspelet som er i emning mellom Russland og Kina.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis