JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Åtakskrig mot fredeleg granne

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein dag kjem president Putin til å sjå utgiftspostane på det altfor store arbeidsbordet sitt.

Foto: Aleksey Nikolskyi / Sputnik / Reuters / NTB

3885
20220304
3885
20220304

Ein av spådomane som Aleksandr Solzjenitsyn fekk rett i, var at Sovjetunionen ikkje kunne overleva som eigen stat. Spesielt var han oppteken av dei tre baltiske landa, Estland, Latvia og Litauen, med folk som han vart godt kjend med og fekk stor vyrdnad for da han var i fangeleirane.

Han hadde det same synet på dei sentralasiatiske statane. Men Ukraina såg han heilt annleis på. Banda mellom det historiske Russland og Ukraina var så sterke og rotfesta at dei måtte utbyggjast vidare, ikkje brytast ned. Han hadde vakse opp i grenseområdet og snakka russisk med tydeleg ukrainsk aksent, og utan tvil hadde det sitt å seia for han.

At han med sin bakgrunn skulle ha godkjent Putins offensiv no i februar, trur eg ikkje på, men vi veit det ikkje for visst. Sannsynleg er det ikkje.

Ved sida av verdskrigen har det knapt vore ei verre ulykke for det ukrainske folket enn dei fylgjene Stalins kollektiviseringspolitikk fekk for den ukrainske nasjonen for to ættleder sidan. Så brutale hadde metodane vore at dei tyske åtakskolonnane vart helsa som frigjeringsmenn av mange ukrainarar da dei kom. Det kosta svært mange menneskeliv og store øydeleggingar før det gjekk opp for dei at det, mildt sagt, var ei grov og naiv feilvurdering.

Såra etter Putins krig vil bruka lang tid på å gro, anten han har forrekna seg eller ikkje. For oss lekfolk er det vanskeleg å sjå at ukrainarane kan greia seg mot ei så sterk militær overmakt som den russiske, men det er grunn til å minnast eit av dei få visdomsorda frå Ronald Reagan: «Folk skjønar ikkje at ein skodespelar kan vera politikar. Eg skjønar ikkje korleis eg kunne ha greidd denne jobben om eg ikkje hadde vore skodespelar.»

Og presidenten i Ukraina er altså skodespelar, med evne til å mobilisera dei han treng hjelp frå som forsvararar. Om det er nok, veit heller ikkje ekspertane, men dei første dagane gjekk krigen nokså mykje dårlegare for Putin og hans menn enn han hadde rekna med. Om det kan vara ved, veit vi lite om på den tilskodarplassen vi har fått tildelt. Det utstyret som den russiske krigsmakta har køyrt fram, er imponerande, ikkje minst dei nye flammekastarvariantane av det som vart kalla «Stalin-orgel» under den andre verdskrigen. At dei som sit i bomberomma og syng den ukrainske nasjonalsongen, skulle ha ein sjanse mot så mykje tungmetall og teknologi, verkar lite truleg, same kor godt dei held songtradisjonane sine ved like.

Men det er ein annan pris, og den verkar på mykje lengre sikt. Åtakskrig er ikkje noko som ukrainarane har drive med, og sympatien er ikkje på russarane si side om vi oppsummerer det som hende dei første dagane etter 24. februar. Så er det den russiske propagandaen, som slett ikkje byggjer sympati for Putin eller Kreml. Der ser vi alt somme av langtidskostnadene.

Det er mogleg Putin ser dette som «utgifter» som han toler, men dei første dagane kosta det svært mykje meir enn det smaka, og mykje sympati fell på ukrainarane, som vart utsette for åtak utan å ha gjort noko som helst mot Russland, og som er materielt underlegne. Det var dette biletet Solzjenitsyn – sjølv krigsveteran med dyrekjøpt og solid erfaring – hadde teke med både frå skyttargravene og frå det han opplevde i kampen mot tyskarane.

Kampviljen har vore sterkare enn ein kunne venta frå ukrainarane i den overraskande opningsfasen. Russarane har materiell, og dei har meir enn nok av tid, men som sagt har det ikkje gått slik dei tenkte seg. Og når både Finland og Noreg, for berre å nemna to statar, endrar den nøytrale forsyningspolitikken sin frå den eine dagen vil den andre, er det eit varsel om dei psykologiske utgiftspostane som Putin snart vil sjå på det altfor store arbeidsbordet sitt.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Folk skjønar ikkje at ein skodespelar kan vera politikar. Eg skjønar ikkje korleis eg kunne ha greidd denne jobben om eg ikkje hadde vore skodespelar.»

Ronald Reagan

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis