Teater
Vondt ordskifte omgitt av blodig vald
Ei mor vert rasande av di dottera hennar døyr av ein overdose. Men vert vi klokare av at ho skyt alle som kan vere skuld i dødsfallet?
Mora (Nina Ellen Ødegård) vil hevne at dottera døydde av ein overdose.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Manusforfattarane Tine Skjold og Even Torgan tar tak i eit vondt og viktig tema: 266 nordmenn døydde av overdose i 2014, 342 i 2024. Kan Noreg halde fram med å forby narkotika når vi ligg på toppen i Europa med ein slik statistikk?
Debatten er ikkje ny – i 2021 fremma Høgre ei rusreform for å avkriminalisere bruk av små mengder narkotika. Eit politisk fleirtal røysta imot. No har vi likevel retningslinjer som gjer at rusavhengige kan sleppe straff sjølv om narkotikabruk er forbode. Ein skal heller gje helsehjelp.
Diskusjon
Det er spanande at teaterstykket Skyt meg byrjar med å diskutere med publikum. Ein skodespelar spør folk i salen kva dei tenkjer om alkohol samanlikna med narkotika. Ei 18 år gammal kvinne svarar at dei unge har lyst til å utforske rus. Ein middelaldrande mann vil legalisere cannabis.
Ein pensjonist trur vi bør snakke med ungdom ut frå fakta, ikkje berre synse. Diskusjonen endar i spørsmålet: Kven vil avkriminalisere små dosar til eige bruk? Nokre rekk opp handa.
Overdosedødsfall
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.