Bok

Vital leseoppleving

Anfinnsen overforklarer ikkje, men lèt lesaren gå inn og trekke samanhengar sjølv.

Kjersti Feldt Anfinnsen fekk tre prisar for gjennombrotsromanen som kom ut i 2019.
Kjersti Feldt Anfinnsen fekk tre prisar for gjennombrotsromanen som kom ut i 2019.
Publisert

For romanen De siste kjærtegn (2019) fekk Kjersti Anfinnsen tre litterære prisar. Gjennombrotsromanen, som handla om den pensjonerte hjartekirurgen Birgitte Solheim, har no fått sin oppfølgjar i romanen Øyeblikk for evigheten.

Hjartekirurgen bur framleis i Paris og er no på tampen av sine eigne tilmålte hjarteslag; ho er komen i alderen for «patetiske hjemmeulykker og trygghetsalarmer».

Humor og alvor

Kjærasten til Birgitte Solheim, den tidlegare arkitekten Javiér, slit med sitt mentale forfall. Det blir stadig vanskelegare å vite kvar Javiér er eller ikkje er, men òg fordi Birgitte har si eiga leilegheit, så ho er ikkje alltid til stades. Birgitte på si side har hjelp av og selskap i eit par menneske, særleg Michel M, som lagar mat og hjelper henne med dagleg stell i leilegheita. Ei grandniese kjem så vidt inn i bildet etter kvart. Elles samtalar Birgitte med ei avdød søster, i mangel av altfor mange levande vener og slektningar: «Mitt liv er avfolket.»

Ho ser dårleg, har dårleg balanse, er blitt gløymsk og er generelt frustrert over denne avgrensande vendinga livet har tatt. Samstundes finn ho glede og meining både i notida og i hendingar frå fortida som ho kan hente fram og dvele ved, på ein usentimental måte. Ho er ei usentimental dame. Humor er her òg, som då Javiér hamnar på institusjon og Birgitte kjem på besøk: «Jeg møtte en elefant i heisen her,» sier han. «Er ikke det rart? Elefanter skal jo være i Afrika, de.» «Ja,» sier jeg.

Om Birgitte Solheim har problem med å føte seg, har ikkje forfattar Anfinnsen problem med balansen mellom alvor og humor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement