Bok

Virtuos loop attende

Flu Hartberg teiknar og skriv levande om klassereisa.

Flu Hartberg (f. 1979) er illustratør og teikneserieskapar og har gitt ut ei lang rekke bøker. I år fekk han Norsk illustrasjonsfonds ærespris.
Publisert Sist oppdatert

Teikneserieroman

Flu Hartberg:

Oslolovers

No Comprendo Press

Å lesa ein god teikneserieroman er ei dobbel røynsle av litteratur og kunstutstilling. Verket Oslolovers av Flu Hartberg tilfredsstiller både visuelt og intellektuelt, i eit stadig spenn mellom det enkle og det kompliserte, stereotypiar og unike røynsler, i ein sosialantropologisk studie av livet mellom alt frå hillbillies til sosietet nokre få tiår attende i tida, men med tydelege særdrag frå samtida.

Hovudpersonen i boka er Ove Grankollen, som jobbar på Esso-stasjonen i den vesle bygda Haralia. Han har talent for teikning og vil til Oslo for å gå på kunstskule. Familien med høgast hillbillyfaktor i heile Haralia, familien Larsen, prøver seg på eit spektakulært kupp mot Esso-stasjonen, noko som for Ove vert eit springbrett til kunstskulen i Oslo. 

I Oslo møter han rikmannsdottera Målfrid, kalla Molly, som er slik laga at ho scorar martyrpoeng sjølv på privilegium. Familien er nyrik, og er endåtil portrettert av Håkon Gullvåg. Dette portrettet får me sjølvsagt sjå, som eitt av mange døme på virtuositeten til Hartberg som briljant visuell imitator. 

La petite mort

Eit anna døme er under ei førelesing på kunstskulen, der teikneserierutene endrar seg i takt med emnet som vert presentert, frå van Gogh til Munch, før det endar med ei sex-scene med Ove og Målfrid i ein installasjon (som vert øydelagd), der Picasso trengjer seg på i den avgjerande augneblinken. Slik eg ser det, opplever dei to det som på fransk heiter La petite mort, den vesle døden, på eit bilete som er ein hommage, i det minste ein allusjon, til meisterverket Guernica.

Andre stader i boka får me sjå folk i aktivitetar som nakendans i skogen og leiting etter auraen, medan kunst vert diskutert på mange måtar og av svært ulike personar. Og når ein staseleg elg aleine fyller ei stor rute, heilt ut av det blå, er det så smart og komisk plassert at denne lesaren ler høgt.

Regelbok

Ove har det ikkje lett. Ekskjærasten lurer han med skremmande opplysningar, Målfrid er egosentrisk utan at ho veit det, familien Larsen har noko på han etter det mislukka raidet mot Esso-stasjonen i Haralia, og eit par andre karakterar i boka har ein verknad på Ove som kanskje tykkjest han gjevande i augneblinken, men som for andre vert oppfatta som destruktiv. 

Innimellom er det mange gode observasjonar, mellom anna når Ove og Målfrid ser nokre uteliggjarar. Ove lurer på kvifor det er så lett for somme, men plent umogleg for andre å leva vanlege liv, og Målfrid seier at det kjem av at vanlege folk har laga reglane, så det er ikkje vanskeleg for dei. 

Ein annan stad seier Ove at han alltid har hatt ei kjensle av at det finst ei regelbok som alle andre har lese, berre ikkje han. Den kjensla er det fleire enn Ove som har.

Apropos reglar: Målfrid/Molly er litt vel woke for tida si, og det gjer ho til ein meir samtidig figur enn Ove. Men det gjer ikkje noko. Ho er portrettert skarpt og infamt, som ei intelligent kvinne som meiner det er ei ulukke at ho er pen og rik, men som neppe ser føre seg eit liv som stygg og fattig. 

Hartberg ser det innhole og overflatiske i livet til slike som har all tid i verda til å kjenna etter, og han sender difor Ove i ein loop attende til utgangspunktet. Livet i Haralia er kan hende ikkje all verda, men det har noko autentisk over seg, og det appellerer både til Ove og lesaren.