JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ville kvinnefantasiar

Det stramme dramaet til Polley er skakande, rebelsk og frigjerande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei gruppe kvinner sit på eit høyloft og diskuterer kva dei skal gjere med livet i ei religiøs koloni med undertrykking, vald og overgrep.

Foto: Michael Gibson Foto: Michael Gibston / Orion Releasing / SF Studios

3212
20230324
3212
20230324

Drama

Regi: Sarah Polley

Women Talking

Med: Rooney Mara, Claire Foy, Jessie Buckley
Kinofilm

Kvinnene i eit mennonittmiljø samlar seg. Mennene i kolonien er i byen, anten fengsla for organiserte, regelmessige valdtekter, eller på veg for å betale kausjon. Kvinnene har ordre om å tilgje alt om dei ikkje vil til helvete. No røystar dei på tre alternativ: å gjere ingenting, å slåst eller å dra derifrå før mennene er tilbake. Jamn avrøysting gjer at eit råd skal drøfte seg fram til ei felles løysing. Tida er knapp.

Ugudelege gubbar

Women Talking byggjer på boka med same tittel av Miriam Toews frå 2018. Sjølv om handlinga om reaksjonen til kvinnene er fiktiv, er overgrepa ekte. Dei gjekk føre seg ein tilsvarande koloni i Bolivia mellom 2005 og 2009, der minst 151 kvinner og jenter mellom 3 og 65 år vart utsette for seksuelle overgrep medan dei sov. Dei vart dopa ned av mennene i samfunnet. Gong på gong.

Ein tenker fort på Margaret Atwood, som har sagt at alle dystopiane hennar er knytte til ting som har skjedd og skjer, som i Tjenerinnens beretning (til norsk ved Merete Alfsen, 2017). Women Talking har historisk gjenklang. Det finst endelause eksempel på systematiske overgrep.

Like mykje er filmen brennaktuell. Det vantar ikkje leiande menn i verda som gjer vald mot kvinnekroppar på strukturelt nivå no til dags heller. Ser ein Women Talking utan å ha lese boka, kjem hint om tida vi er i, litt etter litt. Signala blir forstyrra av at mange mennonittar lever avsondra frå moderne teknologi.

Tolv eitrande kvinner

Både valet i innleiinga og debatten som fyller det meste av filmen, er interessante øvingar i demokrati og løysingar i fellesskap. Mykje av spenninga er knytt til kva val kvinnene tar. Det går fram og tilbake, og ein ser parallellar til 12 edsvorne menn av Sidney Lumet frå 1957.

Balansen mellom figurane gjev breidde i forståinga av korleis dei forstår seg sjølve. Nokre er rasande, andre er meir forsiktige og fatalistiske. Alle vil ha tryggleik, halde på trua si og få tenke fritt. Dei veit at påstanden om at det heile er «ville kvinnefantasiar», er tull. Men har dei fantasi til å sjå for seg eit anna liv?

Banda til litteratur er tette i tekstforma, og den enkle oppsetjinga slektar på teater. Praten går kanskje i overkant lett og velartikulert for dei undertrykte kvinnene som er haldne frå å læra å lesa og skriva. Den milde mannen August noterer i den sårbare forma til Ben Whishaw.

Frances McDormand har produsert filmen og spelar sjølv ein arg motstandar av oppgjer og endring. Rooney Mara gjer ei spesielt bra balansert rolle som ei som kjenner på uvisse om kva som er best.

Bleikt ljos og falma fargar dempar eventuell idyll av dei grøderike kornåkrane. Tonen vekslar, men alvoret i situasjonen og overgrepa knip stendig i magen. Eit emosjonelt høgdepunkt er når kvinnene bryt ut i allsong av salmen «Nærare deg, min Gud».

Sarah Polley fekk Oscar for beste tilpassa manus med Women Talking. Det var fortent. Ho har laga ein sterk og stram film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latin­amerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis