Film

Vil du bli millionær – uansett pris?

Quiz er god underhaldning same om du diggar trivia eller ikkje.

Serien fortel historia om Charles Ingram, ein tidlegare britisk major som laga skandale då han juksa seg til toppvinsten i eit spørjeprogram.
Serien fortel historia om Charles Ingram, ein tidlegare britisk major som laga skandale då han juksa seg til toppvinsten i eit spørjeprogram.
Publisert

Lytt til artikkelen:

I Storbritannia i 1998 har kanalen ITV premiere på det som skal verta ein enorm suksess i både inn- og utland, spørjeprogrammet Vil du bli millionær. Spreidd utover i landet sit pubquiz-entusiastane og lurar på korleis dei kan koma på skjermen og vinna potten. Syskenparet Diana Ingram (Clifford) og broren Adrian (Gravelle) har ikkje tenkt å la dette skje på slump.

Tv-juks

Det er ikkje meir enn ein månads tid sidan eg las Jon Ronsons gode artikkelsamling Lost at Sea, der han blant anna tek for seg nettopp denne oppsiktsvekkande skandalen i britisk mediehistorie. Der er han ikkje like klart på parti med juksemakarane som dei er i TV-serien, noko som gjer at eg stiller meg spørsmålet: Kva tid bikkar me over i sympati, og kva tid lyftar me peikefingeren?

Linja kan ofte vera fin, og avgjersla kviler sjølvsagt på vinklinga til den som fortel historia. Som ihuga quizzar sjølv har eg vanskeleg for å ikkje verta indignert over juks. Kven søren juksar på quiz? Når det i tillegg føregår på riksdekkande fjernsyn, er det moralske fallet endå større, ville eg tenkt. Men så er det som med dei fleste gode historier – det er minst to sider. Juksa dei eigentleg?

Ingen fasit

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement