Kunstig intelligens
Kva kostar kulturarven?
Nasjonalbiblioteket vil snart kunne tilby norske språkmodellar, trente på aviser og bøker. Men eitt spørsmål står att: kompensasjonen til forfattarane.
Fred Moerman digitaliserer materiale på Nasjonalbiblioteket. Denne dagen eit skodespel frå 1800-talet.
Foto: Sindre Deschington
– Dette kan vere ufatteleg keisamt og utruleg morosamt.
Ved eit stort arbeidsbord, med ein skannar rett framfor seg og ein dataskjerm til høgre for seg, er overingeniør Fred Moerman i ferd med å gje digitalt liv til eit skodespel frå 1800-talet.
På skjermen ser vi den eindimensjonale utgåva av to oppslåtte boksider med handskrift – regelmessig og med løkker, slik få av oss lenger meistrar, utrente som vi er i ferd med å verte med papir og blyant.
– Det er morosamt når det kjem inn brev frå Roald Amundsen, som tigg om pengar til ein ny ekspedisjon. Eller brev og teikningar Charles Darwin har sendt til norske forskarar. Bibelvers frå 1890-talet er ikkje like engasjerande, seier han.
Bokstav for bokstav, side for side, bok for bok. Sidan 2005 har Nasjonalbiblioteket digitalisert nesten all kulturarv som har stått i hyller og magasin. Tidleg på 2000-talet handla «alt» om internett. Verka skulle vere der folk var.
Det ingen kunne spå då, var at bibliotekets digitale tvilling 20 år seinare skulle utgjere ei ideell plattform for ein – kanskje – like banebrytande teknologi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.