Teater
Viktig sak – dårleg teater
Blandar vesentleg og uvesentleg i langdryg framføring
Aslak Moe tek for seg barnefordeling etter samlivsbrot.
Foto: David Zadig
Aslak Moe har spesialisert seg på såkalla dokumentarteater, og især hans 0+0=4, om norske justismord har synt styrken til denne teaterforma. Den nye framsyninga hans, Løgn varar lengst, tek opp eit anna viktig samfunnsproblem: Den «krigen», full av løgn og manipulasjon, egoisme og uforstand, som kan oppstå etter eit samlivsbrot der partane ikkje klarar å semjast om barnefordelinga.
Omfanget av denne galskapen er stort, men vi veit vel knapt kor stort. At slike saker i somme tilfelle kan vere prega av patologi, utan at barnevern, politi og rettsvesen skjønar at dei blir grovt manipulerte, er heller ikkje ukjent. For evna og viljen til å setje seg inn i begge partars situasjon og argumentasjon er ofte forstemmande liten. Og tanken på «barnets beste» synest i mange høve å vere svært, svært fjern.
Når Aslak Moe sjølv har vore involvert i ei slik sak, rett nok utan desse groteske utslaga ein stundom kan oppleve, gjer det han kanskje litt blind for sitt eige prosjekt. Hans eiga sak blir ein bagatell i denne framsyninga, nærast ei rammeforteljing.
I staden presenterer han nokre andre saker av det heilt ekstreme slaget. Her grev han seg til gjengjeld så djupt ned i detaljar av patologisk, psykologisk og juridisk karakter – ispedd litt sutring – at framsyninga ikkje ser ut til å vilje ta slutt. At desse historiene er einsidige, ligg vel i sakas natur, men desto meir problematisk blir det med alle desse detaljane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.