Bok

Vikingtidsbok i ideologisk spagat

Ny bok om vikingtida illustrerer kor vanskeleg det kan vera å lata fortida vera fortid på eigne premissar.
 

Kvinnekrigaren Lagertha, kjend frå Saxo og Vikings, her portrettert av Morris Meredith Williams i 1913.
Publisert

I historieserien «En kort introduksjon …» har Bjørn Bandlien, professor i eldre historie ved Universitetet i Søraust-Noreg, no skrive ein introduksjon til vikingtida. Det er ei overkomeleg lita bok på 200 sider medrekna litteratur og register. Det seier seg sjølv at det ikkje er rom for å koma inn på alle sider ved vikingtida i ei so stutt bok, men det kan synast som det er nett det Bandlien har freista på.

Her skal «alt» med – forutan eigne kapittel om periodisering, den vanskelege vikingtermen og kjeldesituasjonen tek Bandlien opp ymse tema som gardssamfunnet, lov og ting, norrøne mytar, seid, sylv og handel, «diasporaen» (nordbuar i vest og aust), kongemakt og religionsskiftet.

Det ein saknar, er derimot ei større drøfting av koss denne merkelege perioden i historia vår skal forståast. Kva var det som dreiv desse nordbuane ut på det opne havet, for å taka land i nær sagt alle himmelretningar? Det får ein aldri noko retteleg svar på i Bandliens bok.­

Kvinnelege krigarar?

Derimot møter me eit «mangfald av vikingtider». Eit talande døme er kapitlet «Kvinnelige krigere?». Førestellinga om kvinnelege krigarar har fått vind i segla etter at ein i 2017 fann ut at beingrinda i ei «krigargrav» frå Birka i Sverige høyrde til ei kvinne, men ut over det er det lite eller inkje som peikar på kvinnelege krigarar i kjeldematerialet. Grunnen til at grava frå Birka vart identifisert som ei krigargrav i utgangspunktet, var at ho hadde gravgods som sverd, pil og boge og skjold.

I staden for å revurdera nemninga «krigargrav» bana funnet vegen for dei som gjerne ville sjå meir kjønnsoverskriding i fortida. Ein passar alltid på å ha med spørjeteiknet etter, men det vert i alle høve koka mykje suppe på ein spikar. Bandlien kjem òg so vidt inn på det som kan vera ei forklåring: at dette dreiar seg om ei kvinne med ei leiarrolle, innanfor eit hushald eller ei større gruppe, og som difor kunne ha ymse «maskuline» attributt som maktsymbol.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement