Film
Vik frå meg, pattesatan
Grevlingene er overdrive kulturkrigersk på kostnad av fin barnefilm.
Foreldrelause Bernt, spelt av Nils Elias Lea Olsen, drøymer om å bli speidar.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Då foreldrelause Bernt (Olsen) endeleg får ei fostermor, er det ein feminist-psykopat av ei kvinne i form av Gerd (Johansen) som opnar heimen sin for det ho trudde var ei jente.
Alt Bernt vil, er å bli med i Speidaren, akkurat som den avlidne far sin, og speidarleiar Gunnar (Martinsen) ynskjer velkomen med opne armar. Det vil derimot ikkje fostermora, for å seia det forsiktig. Og det viser seg at ho har hardt skyts på lur for å rokka ved idyllen til Grevling-speidarane i det gamle klubbhuset.
Nye bakvendtland
Grevlingene startar som ein søt barnefilm med eit klassisk tema: foreldrelaus gut med store draumar møter utfordringar på vegen mot å nå målet. Nils Elias Olsen fyller rolla med overtyding og sjarm. Regissør Paul M. Lindø brukar oppveksten sin frå Dalane som bakteppe, noko som resulterer i nydelege landskap, herlege lokale talent med lokal dialekt og til og med ei lita rolle til Sokndals eigen kjendis, Tønes.
At dialektforvirringa oppstår ved at begge hovudrollene snakkar nordnorsk, er mindre irriterande enn eg pleier synast, kan henda fordi det ikkje er austlandsk, må seiast. Når fostermor Gerd står i døra med ein gneldrete chihuahua, einhyrning på genseren og rosa striper i håret, tenker eg fyrst at det var godt han skulle få ei litt alternativ fostermor.
Men det kjem brennkjapt fram at ho her, ho er alt som er feil med «alternativt». Det er eit reint krosstog mot alt som luktar politisk korrekt, og trekker alle kampar for feminisme, likestilling, minoritetar og legningar ned i antiwoke-dassen så det gjallar i veggane. Ironisk nok er det den kristne speidarrørsla med si tvilsame overgrepshistorie som framstår som den trygge hamna. Kulturkrigen har tydelegvis nådd barnefilmen, med eller utan vilje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.