Teater
Vestlandsk nostalgi
Heimatt er eit farvel med ein langvarig publikumssuksess.
Sigrid Moldestad spelar «Fanitullen» i framsyninga.
Foto: Andreas Roksvåg
Etter fire sesongar med vestlandsk nostalgi og strilehumor under samletittelen Heim, eit grep teatersjef Solrun Toft Iversen tok for å dra publikum til det nye nynorskteateret midt i Bergen sentrum, er det no tid for oppsummering, før ho tek over som sjef på Den Nationale Scene litt høgre oppe i bakken. Ein parade frå desse fire åra syner at mange av høgdepunkta har halde seg bra.
Perioden 1965–2005 gir nok av stoff, og frå tidas musikk er det nok å velje i. Litt synd at det blei nesten berre engelske låtar. Til gjengjeld var framføringa gjennomgåande bra, med solid støtte frå Vaksne Herrers Orkester.
Tematisk spenner framsyninga over eit vidt spekter, frå (stor)politikk via det lokale og ned til det meir personlege. Det vekslar fint mellom farse, lettare komedie og alvor, alt bra takla av eit overskotsprega ensemble.
Eit desidert høgdepunkt er Bjørn Sortlands «dialog» mellom bussjåføren (Claus Sellevoll) og den tause jenta (Anne Wiig) som nok eingong skal leggjast inn på psykiatrisk klinikk. Han meiner så vel, sjåføren, men alt han seier, blir feil, og vi ser kor jenta krympar seg. Her er strilen Sellevoll på sitt beste og speler ut heile den misforståtte velviljen. Teksten aleine fortener klassikarstempel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.