Film

Verdsteateret

Ingen stader gjer deg klokare i januar enn Tromsø.

Regissør Carla Simón har laga ei katalansk perle.
Regissør Carla Simón har laga ei katalansk perle.
Publisert

Lange køar for å sjå film er eit etter kvart kjent januarkjenneteikn i Tromsø. Her tek folk fri for å gå på kino. Fokus Kino, Kulturhuset og Verdensteateret er hovudarenaer for festivalen, som tek unna over 60.000 publikummarar i løpet av ei veke. Og det kjennest verkeleg som å vera på eit verdsteater. Som alltid undrar eg meg over kvifor verda er som ho er når me har så mykje dokumentasjon på korleis ho ikkje burde vera. Og så mange spelefilmar som viser at størst av alt er ikkje blåkvalen, men kjærleiken.

Summer 1993 (regi: Carla Simón)

Festivalar kivar ofte om å ha flest mogleg førpremierar, og underleg nok sel desse som hakka møk. Det som er synd med det, er at ein kan gå glipp av meir beskjedne produksjonar som aldri får kinodistribusjon. Du kan gå glipp av Summer 1993 fordi du heller vil sjå Den 12. mann. Og det ville vera eit feilskjer. Denne katalanske perla klarar kunststykket å ha barneskodespelarar som ber ein heil film på sine smale, sterke skuldrer. Den underliggande tragedien kring seksårige Frida kviler på kvifor mor døydde. Tidleg på nittitalet var HIV og AIDS framleis relativt nye omgrep fylte med skrekk, og det fanst ingen kur. Trass i deprimerande bakteppe handlar filmen mest om det nye forholdet mellom Frida og familien. Onkelen, kona hans og den vesle dotter deira dannar den framtidige tryggleiken, men vegen dit er ikkje bein.

Angels Wear White (regi: Vivian Qu)

Varslarsaker er aldri lette. Endå mindre lette vert dei når det er snakk om unge jenter som vert seksuelt misbrukte av eldre autoritetsmenn, og der vitnet ikkje er mykje eldre enn jentene. Det kunne fort vore duka for kjensleorgie og sterke føringar, men her har regissør og manusforfattar Vivan Qu valt å skapa underforteljingar som stadig kompliserer biletet. Det viser også det eg vel å tru er eit realistisk bilete av det moderne Kina: papirlause ungdomar, åleinefedrar, kvinnelege advokatar og aukande materialisme oppi gamaldagse etiske spelereglar. Kvifor handlar me ikkje alltid etter det me veit er riktig? Kanskje fordi i den verkelege verda kan det som er rett for nokon, vera heilt gale for andre. Likevel treng me å tru på at det gode sigrar. Den sigeren lyt ein tolka sjølv i Angels Wear White.

Letters (regi: Marte Vold & Jèro Yun)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement