Bok

Venleikens pris

László Krasznahorkai skriv kunsten inn i verda og verda ut av det guddommelege.
  

Publisert Sist oppdatert

László Krasznahorkai vann nobelprisen i litteratur for eit par månader sidan. Fleire av bøkene hans er for lengst omsette til norsk, Seiobo der nede frå 2008 kom ut her i 2019. Mange Krasznahorkai-kjennarar reknar boka for å vere høgdepunktet i forfattarskapen.

Roman

Seiobo der nede

Omsett av Ove Lund

Cappelen Damm

Bøkene til ungararen høyrer til i den såkalla smale enden av det litterære landskapet. Ein må ha ein viss kjennskap til litteratur og annan kunst for å få fullt utbytte av lesnaden. Eg må innrømme at eg las med mobilen tilgjengeleg, og googla fleire gonger nesten for kvart kapittel. Å tileigne seg ny kunnskap og dessutan friske opp gamal har ein aldri vondt av. Eg følte eg blei bitte litt klokare av å lese Seiobo der nede, og ikkje berre i rein faktamessig forstand, dette er ei bok som inviterer lesaren til å tenkje med.

Kunsten og verda

Skal ein samanfatte dette vidfemnande verket (som berre med godvilje kan kallast roman), må det bli at forfattaren i sytten forteljingar diktar seg inn omstende kring nokre av dei aller mest vidgjetne kunstverka og kulturminna i verda. Forfattaren har budd i Det fjerne austen, og fleire av historiene er iscenesette i Japan. Omtrent like mange er henta frå europeiske land. I nokre handlar det ein god del om det heilt konkrete og handverksmessige. Vi får innblikk i dei sære arbeidstilhøva til ein japansk no-maskemakar ('no' er ei gamal teaterform i Japan), og blir med til kvardagen hos nokre store renessanse-målarar. I bodegaen til Perugino i Firenze ser vi korleis dei miksar måling for å få fram dei klåraste fargane, og høyrer sveinane krangle og drikke. Vi får eit møte med Filippo Lippi som femtenåring, så openbert talentfull at han blir tiltrudd eit heilt spesielt oppdrag: å måle tablå frå Esters bok for ein rik jødisk familie. Vovne inn i det siste får vi nettopp desse scenene frå det persiske hoffet omkring år 400. Alt saman er så levande skildra at det er mest som om tida imellom oss og dei blir oppheva for ei lita stund.

Jamt over ligg tyngdepunktet i det filosofiske og metafysiske: Kva slags idear inspirerte arabarane til å lage det overdådige og perfekt geometrisk konstruerte Alhambra, som ingen eigentleg veit funksjonen til? Korleis oppfattar ein no-skodespelar figurane han gestaltar? Det er her Seiobo kjem inn, kjem ned. Den modernistiske kunsten og litteraturen er kjende for skildringar av meinings- og religionstap. Den fantasifulle ungararen snur på dette og diktar seg inn i ei gudinne, nemleg Seiobo, som har mista verda, ikkje omvendt.

Flyt

Like mykje som om opphavet til kunsten skriv Krasznahorkai om resepsjonen. Kva skjer når det moderne mennesket møter mange hundre år gamle kunstverk og kulturminne? Kva ser vi eigentleg? Om ein sjølv har opplevd kunstverka, gir det sjølvsagt ei ekstra glede å lese om dei her.

Ei museumsvakt i Louvre har stått ved «Venus av Milo» i tretti år. Kollegaene mobbar han for å vere besett av gudinna. Sanninga er ikkje så langt unna, men på ein annan måte enn dei trur. I ei tragikomisk soge følgjer vi ein turist i Athen som endeleg skal sjå Akropolis, men som ikkje har tatt høgde for at den steikande heten og det blendande solskinet vil verke inn på opplevinga.

Her er mest alvor, men også skjemt, noko forfattaren er kjend for. Først og fremst har han sin eigen vri, ikkje minst gjeld det teiknsetting. Ein kan lure på om komiteen for nobelprisen i litteratur har forelska seg i forfattarar som ikkje nyttar vanlege reglar for skriftleg syntaks. I Seiobo der nede er kvart kapittel éi lang heilsetning – men med hyppig bruk av komma. Det er nokså krevjande, men kjem ein først inn i det, fører den flytande kvaliteten ved teksten ein inn i ein slags meditasjon der det å lese blir ei kunstoppleving i seg sjølv.