Bok

Vene mørke dikt

Det er noko fint med desse setningane.

Henning Bergsvåg er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og det toårige forfattarstudiet Litterär Gestaltning ved Göteborgs universitet.
Henning Bergsvåg er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og det toårige forfattarstudiet Litterär Gestaltning ved Göteborgs universitet.
Publisert

Henning H. Bersvågs diktbok Dette er ikke et stille sted peilar i kjærleiken og kjærleikens fortvilte språk. Her møter lesaren eit par, eit eg og eit du. I byrjinga verkar dei pressa saman i eit klaustrofobisk soverom, der orda ikkje «lenger er i stand til å feste seg til tingene». Eget vert så drive ut i tilstøytande rom før sirklane utvidar seg til byen, gatene, parken. Og der ute i verda maktar dei til slutt å «dele ordene», «puste i takt,/ puste disse ordene sammen». Språket og orda har vorte til noko livsnødvendig, til andedrag som rommar båe.

Kvernande lengt

I dikta finst ei kvernande lengt kopla til eit tilbakevendande katastrofe- og undergangsmedvit. Det er som om dikta held ytre trengsel og mørke opp, i form av påminningar, eller til og med ønske, om økologiske og moglege politiske katastrofar. Samstundes utviklar det seg eit indre ekspanderande mørke mellom eget og duet i dikta, der samanbrot og kroppsleg fortæring ligg trugande nær.

Språkmedvit

Dikta til Bergsvåg rører seg ikkje raskt framover, dei skjenar snarare i spiralar og sirklar, som om dei borar seg nedover og ørlite framover. Same setninga kan opptre i nye dikt, i nye settingar og samanhengar. Dei ber med seg restar av der dei kjem frå, men forvandlar seg i dei nye omgivnadene. Setningane kan vere lagnadstunge, imperative, definitive og absolutte som lovformuleringar, forskrifter og påbod: «Poesi er aldri revolusjon, det er grådig/ forbruk.», «Det er umulig å gå tilbake», «Å skrive dette er å arkivere dette». Sånn kan det skrivande eget klynge seg til setningane medan verda utanfor verkar å løyse seg opp og forsvinne – eller fortettar seg til lysande skrift og bilete.

Boka er boren av eit sterkt språkmedvit, og spreidd utover i boka finst òg ei rad eksplisitte referansar til skrift og poesi. Og det er ikkje alltid høgttravande: «Diktet er bare en vanskelig fest, sier du. En fyllefest.» Eller: «Å skrive dikt er like spennende som å ta oppvasken.» Det ein kan ha sans for hos Bergsvåg, er at ord vert både tildelte og fråtatt autoritet og status, gjort til både det minst viktige og det aller viktigaste. Slik som med andedrettet, som går umedvite og automatisk, men som gjer seg livsgjeldande om det skortar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement