Teater
Ved livets ytterpunkt
Enkel og velspelt versjon av populær Fosse-roman.
Stig Amdam er åleine på scena.
Foto: Øystein Klakegg
Sjølv om Jon Fosse har nok av skodespel å ta av, freistar også nokre av romanane hans til scenisk utprøving. Hordaland Teater har gripe fatt i tilrettelegginga Hildegun Riise for eit par år sidan gjorde av Morgon og kveld for Nationaltheatret. Denne versjonen er endå meir minimalistisk enn den førre, men det minimalistiske kler denne enkle, strålande teksten om livets ytterpunkt – fødsel og død.
Rekvisittane på scenegolvet er enkle og få: ei seng, ein stol, ein krakk og eit par gummistøvlar. Like enkelt er det som skjer på scenen i denne monologen. Stig Amdam kjem inn, stiller seg framfor publikum og gir oss fødselsscenen utan fakter og geberdar av noko slag. Han lèt oss straks skjøne at her er det teksten, orda, som tel. Slik er det gjennom heile framsyninga, sjølv om spelet blir noko meir dynamisk i hovuddelen, som omhandlar Johannes’ overgang frå livet til døden.
Fabian F. den Otters lyssetting er også svært enkel, nesten spinkel, til tider, men verknadsfull, og ho strekar under teksten og spelet.
Det er eit stille alvor og ei velgjerande ro over heile framsyninga. Amdam lèt aldri skodespelaren skygge for teksten, det er som om han berre vil vere eit instrument for dei religiøse og eksistensielle aspekta i denne romanen, som Fosse meiner i alle fall ikkje skal gjere folk meir redde for å døy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.