Teater
Varmhjarta historieforteljing
Heim er attkjennande for både bymann og stril.
Hordaland Teater tek oss med på ein nostalgisk tur til Vestlandet.Hordaland Teater tek oss med på ein nostalgisk tur til Vestlandet.
Foto: Andreas RoksvaagFoto: Andreas Roksvaag
Hordaland Teater
Hordaland Teater har flytta «te bydn» og står fram med første bolk av fire, som samla skal gi oss ei reise gjennom Vestlandet – i all hovudsak Hordaland med Bergen – frå 1965 og fram til vår eiga tid. Med dette grepet ønskjer teatersjef Solrun Toft Iversen truleg både å plassere teateret sitt i ein samanheng publikum kan identifisere seg med, og gi oss nokre glimt av kva som har gjort oss til det vi er, på godt og vondt.
Ho lykkast. Det som i stor grad ber framsyninga, er dette uforfalska og varmhjarta som ingen vestlending tek feil av.
Nostalgiske glimt
Men slik prosjektet er tenkt, med ikkje mindre enn ti bidragsytarar på tekstsida, kan ikkje Heim få nokon heilskap. Det blir ei rad meir eller mindre nostalgiske glimt, einskildbidrag til soga om Vestlandet og vestlendingen. Likevel speglar dei 18 nummera det Vestlandet som fanst for 40–50 år sidan på eit vis som gir attkjenning for dei som har levd ei stund. Her er det strilen, ikkje bergensaren, som står i sentrum – eit pluss i seg sjølv. Men tida som blir kalla fram, har vi alle felles. For rett nok har dei fleste nummera ei presis lokal forankring, gjerne også datofesting, men menneska, opplevingane og kjenslene har noko allment ved seg.
Både månelandinga i 1969 og ikkje minst musikken som går gjennom heile framsyninga, minner oss på at Vestlandet var ein del av verda alt på sekstitalet. Heim er i høg grad ei musikalsk tidsreise, der bergensgruppa Safts europeiske suksess med låten «People in Motion» opnar og der Sigbjørn Bernhoft Osas herlege versjon av «Fanitullen» også er med. Men det meste av musikken er utanlandsk, slik han var for oss som vaks opp i dette tiåret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.