Bok

Variert og samanhengande

Det svisjar godt i stavinga frå Frida Fliflet.

Debutanten Frida Fliflet har gått på forfattarstudiet i Tromsø og arbeider no i musikkredaksjonen til Klassekampen.
Publisert Sist oppdatert

Ei venninne av meg likte som lita å delta i kaffislabberasa til dei vaksne. Ho lytta til korleis dei snakka, observerte korleis dei tedde seg, og ein dag då ho var seks år gammal, løfta ho kaffikoppen med saft i, letta på veslefingeren og utbraut: «Akk ja, tida flyg!»

Ein liknande situasjon finn vi i Frida Fliflets forfattardebut, novellesamlinga Kan eg sjå på. I novella «Sett frå høgda» møter vi ein liten gut som overhøyrer vaksenpraten om noko fælt som har skjedd naboguten Olle, at han har hatt englevakt, dei seier slikt som «det er no for gale» og «uff og uff», og så spekulerer dei i kva som eigentleg var årsaka til hendinga. Alt observert gjennom øyra og auga til den vesle guten, slik at vi ser korleis samtalen både er overflatisk og sladresjuk.

Kunstnaren i seg

Dei elleve novellene er ulike i lengd og uttrykk. Dei går føre seg på ulike kantar av landet og i utlandet. Familie er eit gjennomgangsmotiv, som i «Verdas minste fugl», der ei ung jente i bunad kjempar mot marsipankaka i ein konfirmasjon, ho «kjenner korleis eg hevar» ved å ta ein bit, og ho ønsker berre å gå ut og kaste opp.

I «Eple, stamme» er ein ung gut på ein endelaus og motvillig ferie hos farmor og farfar, besteforeldra kranglar støtt, og det viser seg at farfar har bore på andre draumar enn å slå seg til på eplegarden; han hadde kunstnaren i seg. I «Vår» er det utfordrande å kome til den gudfryktige mora med vanskelege livsdilemma, då ho er så redd for å synde og fråtse at ho alltid et berre éin vaffel når det blir servert.

«Ave Maria» er ei sterk beretning frå ein annan kant av verda om korleis vald kan avle vald, og korleis ein sjølv kan integrere opplevde valdshandlingar som velmeint kjærleik, og dermed miste ansvarskjensla overfor andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement