Teater
Vakkert om livet og kjærleiken
Ei framsyning der den originale scenografien gjer publikum til medspelarar i det som skjer.
Jørn Fuller Gee og Kristine Cornelie Margrete Hartgen spelar dei to som møtest etter mange år. Kristine Henriksen spelar kona hans.
Foto: Gisle Bjørneby
Hålogaland Teater har eit prosjekt med å presentere Jon Fosse på nordnorsk, forsiktig «omsett» av Ragnar Olsen. For to år sidan presenterte dei Sonen/Sønnen, der dei nok gjorde litt meir ut av temaet fråflytting enn originalteksten gir rom for, men utan at det blei plagsamt. Denne hausten har dei teke for seg Draum om hausten, som i Tromsø har fått tittelen Drøm om høsten.
Mellom gravsteinar
Erfarne Victoria Meirik har regien, og ho har vore svært tru mot Jon Fosses tekst. Det mest spesielle ved denne oppsetjinga – og tvillaust det mest originale – er Norunn Standals scenografi. Handlinga går i sin heilskap føre seg mellom gravsteinane på ein kyrkjegard, og med sin særeigne scenografi har Standal gjort publikum til ein del av handlinga. Det er vi som utgjer kyrkjegarden, slik vi sit halvt nedsenka på rekke og rad, som både døde og gravsteinane deira, så kan personane i stykket vandre mellom oss. Vi er omslutta på alle sider av det som skjer.
Denne scenografien skaper ein nærleik til handlinga vi elles ikkje opplever i teateret, sjølv om avstanden til skodespelarane innimellom kan bli litt lang, slik kyrkjegarden her strekkjer seg over heile teatersalen. Scenografien gjer òg, trur eg, at når vi ved «teppefall» stig opp av grava igjen, kjenner vi oss nærast tvinga til å reflektere over det vi nettopp har vore med på. Kan hende gir plasseringa av stykket i eit nordnorsk språkunivers eit tilleggsmoment for folk nordfrå, men det scenografien tilfører, gjeld oss alle.
Med kyrkjegarden som arena ligg motsetninga liv–død sjølvsagt heilt oppe i dagen og inviterer til tankar om levd liv og kva ein kunne ha gjort annleis. Ikkje minst i kjærleiken, som står sentralt i Fosses tekst.
Ulike tidsplan
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.