JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vakkert om ein vond dag

Graham Swift skriv strålande om herskap og tenarar for snart 100 år sidan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er ein negativ bilettekst

Dette er ein negativ bilettekst

Dette er ein negativ bilettekst

Dette er ein negativ bilettekst

3306
20170303
3306
20170303

ROMAN

Graham Swift:

Morsdag

Omsett av Merete Alfsen

Gyldendal

Mothering Sunday var den søndagen tre veker før påske da alle engelske tenestejenter fekk fri for å reise heim til familien. Dersom dei var utan familie, fekk dei likevel fri. Slik startar Graham Swifts Morsdag med at Jane Fairchild, utan registrerte foreldre, oppvaksen på ein barneheim og i ein alder av 22 år i teneste hos familien Niven i Berkshire vest for London, 24. mars 1924 får ein fridag som heilt uventa endrar livet hennar.

Ho har vore hos Nivens i mange år. Ho er ein del av inventaret slik andre tenestejenter i nabolaget også er det, hos Sheringhams og hos Hobdays. På korte 134 sider gir Swift eit krystallklart og fortetta bilde av herskap og tenarskap med all den diskresjonen, hykleriet og den innforståtte fellesskapen som var nedfelt i det engelske klassesamfunnet, og som kanskje framleis er der som ein sosial avgrunn mellom underklasse og øvre middelklasse.

Eit dobbeltliv

Jane har i mange år levd eit dobbeltliv som elskarinna til Paul Sheringham på nabogodset, og denne dagen møtest dei på rommet hans for siste gong. Han skal snart gifte seg innanfor sin klasse med Emma Hobsday, men for Jane blir denne dagen likevel bada i lys og i ei stemning som varer livet ut, for brått opplever ho ei side ved seg sjølv som blir avgjerande for dei vala ho gjer vidare i livet. Det fører henne inn i litteraturen og inn i eit sjølvstendig forfattarskap og ein identitet som ligg langt bortanfor utgangspunktet.

Swift legg Jane Fairchilds livsløp idet 20. hundreåret: 1901–1999. Dermed gir han rom for to verdskrigar, framveksten av feminismen og samfunnsendringar som ein enda ikkje ser rekkevidda av. Likevel er det første verdskrigen som dannar bakteppet for romanen. Det er i denne fortapte stemninga av at ein generasjon av unge menn er borte, at nerven i teksten dirrar gjennom sidene, diskret plassert ut som bilde på ein vegg eller på eit nattbord, for både familien Niven og familien Sheringham har mista sønene sine på Vestfronten, fire i talet. Berre Paul Sheringham er tilbake denne dagen, 24. mars 1924, og han er der ikkje dagen ut.

Om det flyktige

Samtidig er Morsdag ein roman om det flyktige og det som ikkje lar seg fange i ord: «Enkelte ting, enkelte steder får kanskje sitt egentlige liv i sinnet», heiter det på s. 103, og da er ein ved kjernen av teksten. For djupast sett handlar det om forholdet mellom ting og tanke, mellom sanning og det ein anar som ei sanning, forklaringa og det som ikkje lar seg forklare. Inni dette er det også mange metalitterære hint til ein rik engelsk romantradisjon, som søstrene Brontë, Dickens, Joyce eller Joseph Conrad, og slik peiker Swift på litteraturen som ei frigjerande kraft som formar både lesaren og forfattaren.

Under eitt gjer dette Morsdag til ein svært kompleks, nyansert og mangetydig tekst, eit høgdepunkt i Swifts forfattarskap ved sida av Siste runde som han fekk Booker-prisen for tilbake i 1996.

Merete Alfsen er som vanleg ein stø og sikker omsetjar.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Under eitt gjer dette Morsdag til ein svært kompleks, nyansert og mangetydig tekst, eit høgdepunkt i Graham Swifts forfattarskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis