Musikk

Uvanleg innhaldsrikt musikkteater

Ei overveldande framsyning der ikkje alt heng like godt saman og er like lett å skjøne.

William Kentridge er mannen bak dette stykket, som byr på musikk, teater, animasjonsfilm, masker og anna. Han er artist-in-residence på Festspillene i Bergen i år.
Publisert Sist oppdatert

I mars 1941 seglde ei ombygd frakteskute ut frå Marseille med fleire hundre menneske om bord; mange av dei forfattarar og intellektuelle. Dei ville vekk frå det nazivennlege Vichy-regimet, og kursen var sett mot den karibiske øya Martinique. Mellom passasjerane var surrealisten André Breton, sosialantropologen Claude Lévi-Strauss (som skreiv om reisa i sjølvbiografien Tropisk elegi) og forfattaren Anna Seghers.

Med dette som utgangspunkt har den sørafrikanske multikunstnaren William Kentbridge skapt eit stykke musikkteater som blandar fakta og fiksjon, ulike tider, idear og til dels menneske som aldri har hatt noko med kvarandre å gjere, men som her blir kontrasterte eller kombinerte.

Overveldande

Ambisjonen synest å vere å skape eit Gesamtkunstwerk (heilskapskunstverk). Då skal mykje med – i dette tilfellet musikk, teater, dans, animasjonsfilm, teikningar, masker, litterære sitat, surrealisme, filosofi og eg veit ikkje kva. Men blir det heilskap av det? Knapt nok.

Tekst (avlevert på engelsk, fransk og ulike afrikanske språk) og musikk av ulikt opphav dreg ikkje alltid i same retning. Trass i at kolonialisme, utnytting og migrasjon går som ein nokolunde raud tråd gjennom «historia», bidreg ikkje det sterkt fragmenterte stykket til einskap eller klar forståing. I tillegg kom ei rad litterære, filosofiske og intellektuelle referansar som ikkje er så godt kjende at ein kan ta for gitt at kvar og ein tek poenget. Slik blei dette ein svært krevjande opningskveld på Festspillene i Bergen.

Med det sagt skal det likevel leggjast til at William Kentridge har skapt ei framsyning det går år mellom kvar gong vi får oppleve maken til, ei tidvis svært poetisk framsyning som med si breidde, sitt rike visuelle uttrykk og sine fargerike innslag og framifrå musikalske prestasjonar – av kor, solistar og orkester – gjer at det enklaste er berre å lene seg tilbake og freiste ta inn så mykje som råd av det som strøymer mot oss. For Kentridge, som går for å vere Sør-Afrikas fremste nolevande kunstnar, har gitt kreativiteten sin frie taumar, og resultatet er overveldande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement