Kunst
Utstillinga Edvard Munch – Portretter utfordrar myten om den tilbaketrekte kunstnaren.
Men påstandar om å finne uoppdaga gull er underlege.
Silobygninga var heilt sidan oppføringa i 1935 eit signalbygg og eit tidleg eksempel på norsk funksjonalisme. Ho fungerte som kornsilo heilt fram til 2008, og etter ei spektakulær ombygging opna Kunstsilo 11. mai 2024. I desember 2025 vann bygget den svært prestisjefylte prisen «Verdens vakreste museum 2025» i arkitekturkonkurransen Prix Versailles.
Her er verk frå tre faste samlingar: Tangen-samlinga, Sørlandssamlinga og Christianssands Billedgalleri. I tillegg kjem dei temporære utstillingane, og ei av desse viser no eit utval av Munch sine portrett.
Dyrt
På Odderøya glitrar småbølgjene mellom kaia og danskebåten, og det er ei ørlita antyding til varme i solstrålane. Vel inne i Kunstsilo får eg inntrykk av at dette raskt har lukkast i å bli ein møtestad for folk i byen. Kaféen på bakkeplan er nesten full, og i teiknerommet for barn er det livleg.
Inngangsprisen til sjølve samlingane er merkeleg høg: 210 kroner per person. Både enkelbillett og årskort ligg høgare enn til dømes på Nasjonalmuseet, og eg vil tru at mange forbipasserande dermed vel å ikkje svinge nedom. For fastbuande fungerer nok årskortet på 899 kroner som ei grei løysing.
Den vakre vindeltrappa i tre gir meg kjensla av å rusle oppover ein gigantisk konkylie. På første avsatsen ser eg etter eit teikn på om Munch-utstillinga er der eller vidare oppover, men her er null informasjon. Ei hyggeleg vakt fangar opp at eg er i villreie, og peikar vidare rundt ein sving og inn ei dør der informasjonen står på ein vegg. Kvifor ikkje på trappeavsatsen?
Første rommet er i stor grad vigd oppveksten til Munch. Sjølv om me allereie veit at han mista mange nære i barndommen, er det hjarteskjerande å sjå i kva grad sjukdom og død prega livet hans gong på gong.
Sjukdom
Mor til Munch hadde allereie dårleg helse då ho gifta seg med faren, ein 20 år eldre lege. På seks år fekk dei fem barn, før mora døydde 31 år gammal. Munch var sjølv såpass svak ved fødselen at han fekk heimedåp. Ein reddande engel ser me i litlesystera til mora, Karen, som flytta inn og i stor grad tok over ansvaret for ungeflokken. Me veit at ho tidleg såg talentet til Munch, og støtta han i å satse på ei kunstutdanning. Då Munch var fjorten år, mista han den eitt år eldre systera. Litlebroren rakk å utdanne seg til lege og gifte seg, før han døydde 30 år gammal.
Desse tapa pregar Munch resten av livet og er motiv som går att i kunstnarskapen hans.
I utstillinga Edvard Munch – Portretter får me sjå mange av familiemedlemmane, som broren i «Andreas Munch studerer anatomi» (1886). Han sit konsentrert over pensumet, med to hovudskallar på bordet. Her er strøka lette og ledige, med oljemålinga ført på brun papp. Pappen fungerer som mørk grunning under dei kvite og lyseblå strøka. Kanskje ser me allereie her det samansette i Munchs kunstnarskap: Døden, det tyngde mennesket og det skarpe vårlyset som kjem strøymande inn – utan at det er til hjelp. Tvert om ser det bøygde, alvorlege andletet til broren endå meir tyngt ut med det blendande vindauget bak.
Endring
Minstesystera, som dukkar opp i mange av Munchs mest kjende måleri, ser me i måleriet «Inger i hvit bluse» (1891). Mellom desse to måleria går det berre fem år, men her er eit tydeleg skifte. I portrettet av Andreas kan me kjenne att fargar og lys frå realismen, kanskje inspirert av Christian Krohg som han gjekk i lære hos tidleg på 1880-talet. I portrettet av Inger ser me tyngre, seigare penselstrøk som i mindre grad jobbar fram likskap, og i større grad fangar ei sinnsstemning. Her er ingen forsøk på å få ulik tekstur på grusvegen, himmelen, trea og andletet til Inger. Alt er røft måla, og Inger ser ut til å vere på veg ut av biletramma, som om Munch berre så vidt rakk å fange omrisset før ho gjekk vidare. Blikket er nedslått, og ho svingar vekk. Igjen ser me det tosidige hos Munch: Det er sommar og omgjevnadane er idylliske, men menneska er tyngde og lukka.
I dei neste romma ser me fleire eksempel på den gradvise overgangen frå sirlege observasjonar til eit ekspresjonistisk preg, der penselstrøk og fargar først og fremst etablerer stemningar og kjensler. Særleg i portrettet av professor Daniel Jacobson (1908) ser bakgrunnen ut til å gløde av sol eller flammar, samstundes som han openbert står i eit rom. Ifølgje teksten på veggen var desse kaotiske fargane eit resultat av at Munch var irritert på legen.
Ujamn
Innimellom er det som om Munch starta lett og ledig, men så blei det noko kluss med uttrykk eller likskap. Vidare forsøk på å rette opp gjorde saka verre. Nokre av andleta manglar til dømes heilt dei virtuose strøka som elles pregar måleriet. Resultatet i to-tre av portretta er at kroppen og omgjevnadane er sjølvsikkert måla, medan andleta verkar stive.
Eit eksempel er portrettet av augelegen Max Linde (1904), som etter kvart blei ein viktig kunde. Linde står alvorleg og avventande med hatt og hanskar i handa, klar til å gå vidare. Kanskje hadde han det faktisk travelt, og årstalet tyder på at dei enno ikkje kjende kvarandre godt. Er det difor andletet blir så livlaust? Auga ser ut til å vere festa akkurat litt over oss, som om han stirar på eit punkt langt vekke. Her er noko ubekvemt, og kanskje var det også slik for Munch og Linde?
Utstillinga viser at Munch er uhyre merksam på å få fram personlegdomen til modellane gjennom haldning og kroppsspråk, men meir ujamn når det gjeld å få liv og uttrykk i andleta.
Dei kjende
Kanskje måla Munch best dei han kjende godt, som om relasjonen fekk han til å slappe av og få fram det beste? Portretta av dei nære vennane Hans Jæger (1889) og Kjell Jensen-Hjell (1885) er ypparlege. Strøka er målretta og avslappa på same tid. I det eine brilleglaset til Jensen-Hjell dekker eit gjenskin sjølve auget, ein nonchalant og fin detalj som blei heftig kritisert i samtida.
På sitt beste fangar Munch noko av det tidlause. Då ser menneska på oss med eit blikk som er til stades og ei kroppshaldning som markerer augneblikket. Litt lent til eine sida, kanskje litt nonchalant eller tilbakehalden. Ei hand som heng livlaust ned, som i det flotte portrettet av Jæger, blir ein kontrast til det skarpe blikket han set i oss. Eg får kjensla av at handa når som helst vil svinge opp for å understreke eit poeng. Sjølvportretta er meir avmålte, som om han såg på seg sjølv med større skepsis enn sine medmenneske.
Skulle eg ønskje meg noko meir, så måtte det vere fleire sjølvportrett. Då kunne ein ha sett nærare på spriket mellom framstillinga av andre og det avmålte, nesten foraktfulle blikket som kjem fram når han studerer seg sjølv.
Verkeleg?
Utstillinga nyanserer mytane rundt den tilbaketrekte Munch. Éin ting blir tydeleg i desse romma: Han var kanskje til tider sosialt utilpass, men han mangla verken vennar eller teft for mingling med dei rike og mektige som kunne sikre karrieren hans vidare.
Veggtekstane til kvart verk gir interessant informasjon, men presseskrivet skuffar. Der kan me lese at «Munchs portretter viser en viktig, men ofte oversett side ved hans kunst», og «Denne delen av Munchs kunstnerskap har tidligere ofte blitt behandlet som noe underordnet». Dette stemmer ikkje med noko av det eg så langt har høyrt og lært om Munch. Rett nok er «Skrik» eit av verdas mest kjende måleri, men portretta hans av nær familie og ikkje minst alle sjølvportretta har då alltid blitt verdsette?
Utstillinga er vel verd eit besøk, og treng ikkje denne litt pompøse vinklinga om at her bringar ein noko tidlegare oversett fram i lyset.