Film

Utilslørt under sløret

Kjærleik og kritikk til Saudi-Arabia står like sterkt i Al-Mansours siste film.

Maryam (Al-Zahreni) brukar nikab, men det gjer ikkje systrene hennar.
Maryam (Al-Zahreni) brukar nikab, men det gjer ikkje systrene hennar.
Publisert

Maryam (Al-Zahreni) er lege på den lokale helseklinikken. Ho ergrar seg over at ingen fiksar den elendige vegen, og nærast på slump blir det hennar inngang til kommunevalet. Det skal sjølvsagt visa seg å vera ein endå meir humpete veg enn den opp til klinikken.

Saudi-feministisk

Eg må innrømma at eg gler meg sjeldan til filmar der orda «feminisme» og «Saudi-Arabia» vert nemnde i same setning. Automatisk reknar eg med at eg kjem til å sitja att med kjensla av at verda går av hengslene, og at alle muslimske menn er kjipe. Dei formildande omstenda kring fordommane mine ligg i stor grad på at regissør Haifaa Al-Mansour har laga mange filmar før, og at ho ikkje akkurat legg seg på ei depressiv linje.

Nokre hugsar kanskje Wadjda (Den grønne sykkelen på norsk, 2012), ein riktig dårande film om vesle Wadjda i Riyadh som berre vil sykla der ho vil. Ho har også laga filmar utanlands, mest kjend er kan hende Mary Shelley (2017), ei filmatisering av livet til den kjende forfattaren. Ein treng ikkje lura på om Al-Mansour har eit bankande hjarte for sterke kvinnefigurar og gode historier. Kan ho med dette i bakhovudet ha laga nok ein opplyftande film frå heimlandet?

Båe sider no

Maryam går med nikab, systrene gjer ikkje det, utan at dette vert gjort noko nummer av. Kleskutymen på jobb er også ulik, så tildekking er meir valfritt enn eg var klar over. Ein del mannlege pasientar er lynande imot å bruka ho som kvinneleg lege, medan andre menn tydeleg både respekterer og beundrar henne av same grunn. Faren til systrene verkar streng og lite varm, men som musikar og i sin lengt etter den døde mor deira, viser det seg andre sider når han er på turné.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement