Bok

Ut mot havet

I Eivind Buenes roman får vi mykje å tenke på, og mykje godt språk å gle oss over.

Eivind Buene har studert komposisjon ved Noregs musikkhøgskule og arbeider som frilanskomponist.
Eivind Buene har studert komposisjon ved Noregs musikkhøgskule og arbeider som frilanskomponist.
Publisert

Endre sit på hytta i skjergarden og utset stadig heimreisa. Han slit med konfirmasjonstalen til dottera Emma. Han gruer seg til konfirmasjonen i det heile, det er så mykje han ikkje vil minne seg sjølv og andre på ved å møte opp og vere personifiseringa av eit havarert forhold.

Situasjonen mellom han og eksen Anna er uforløyst, han har kjempa for å få ha dottera hos seg oftare enn Anna bestemte, utan særleg hell, og kjenner no at det er gått så mykje tid han ikkje får tilbake. Lar det seg gjere å få eit forhold til Emma på nytt?

Samtalebasert

Som det står: «Her ute kjenner han alle skjærene, han kan manøvrere i blinde gjennom labyrinten av øyer og vann. Hjemme er det annerledes. Han har ikke engang klart å manøvrere gjennom en helt vanlig skilsmisse.» Historia vekslar mellom notida på hytta og tilbakeblikk til livet med Emma og Anna. Innimellom høyrer vi Endre snakke i telefonen med broren eller venene, men stort sett ligg mobilen i skuffen. Han legg dagleg ut på båtturar, køyrer lenger og lenger ut mot havet, noko som er freistande å lese som eit bilde på at han sjølv er meir og meir ute.

Romanen til Eivind Buene er i stor grad bygd opp av refleksjonar og samtalar. Personane er velartikulerte og ikkje redde for å setje ord på ting, det gjer at det ikkje er mykje undertekst her, drøftinga av temaa ligg på overflata. Men det er ei gjennomført form, og i seg sjølv djuptpløyande, så romanen manglar på ingen måte substans.

Det er interessant å følge samtalane om mannsrolla, farsrolla, kva likestilling betyr i praksis, og korleis var alt dette for deira eigne foreldre? Kameratane Tor-Erik, Peter og Endre er menn med kvar sine familiestrukturar, og som gjerne snakkar om kjensler. Det er ei kraft i dette, og etter kvart i romanen skal dei to kameratane få ei rolle som er direkte rørande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement