Musikk
Urkraft frå Laliki
Groupa held fram med musikalsk interrail.
Groupa med Marta Matuszna i front.
Foto: Jon Antonsson
Den svensk-norske trioen Groupa, som er inne i sitt 45. år, held fram med den musikalske rundreisa si i Europa. Dei har tidlegare laga tilsvarande konseptalbum med utgangspunkt i svensk, norsk, islandsk og iberisk folkemusikk. Lydbiletet og den musikalske tilnærminga ber den kjende Groupa-signaturen, men framleis pregar forvitenskapen musikken.
Vokalisten og fiolinisten Marta Matuszna frå Laliki (nær den slovakiske grensa) har bidrege sterkt til repertoaret. Ho har gjort det til ei livsoppgåve å føra vidare den musikalske arven frå bestemor si.
Grzech Piotrowski leier World Orchestra, som kombinerer symfonisk besetning med folkemusikkinstrument. Han er også medlem av Horizon Trio saman med Terje Isungset og Eivind Aarset.
Sebastian Wypych er ein allsidig bassist som like gjerne opererer innanfor verdsmusikk som jazz og klassisk musikk. Jormin er det alltid hugnadsamt å høyra.
Piotrowski og Wypych er meir enn kompetente session-musikarar som gjer sine ting på ulasteleg vis, men det er vokalen til Matuszna saman med det alltid gneistrande samspelet i trioen som løftar denne produksjonen.
Enten det er med ein frapperande rytmisk spenst i samtale med Isungset i opninga av «Muse», den lengtande og vemodige «Szumi dolina» eller urkrafta ho formidlar i «Hej, na idom», Marta Matuszna er dronninga på haugen! Jonas Simonson, Mats Edén og Terje Isungset kan eigentleg berre seia med Olav H. Hauge:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.