Ungdomsfilm i tidsmaskin
Skal dere gå allerede? er tematisk som åttitalet, filmatisk som tidleg på totusentalet og til saman ei rar blanding av hjartevarme og sosialrealisme.
Nicole Madeleine spelar den unge Elin, som har vore utsett for omsorgssvikt og har eit fengselsopphald i bagasjen.
Foto: Freedom from fear AS
Unge Elin (Nicole Madeleine) skal flytta inn i ei leilegheit som faren har kjøpt etter press frå barnevernet. Dei to klønete karane Raymond (Lorentzen) og Mattias (Cantzler) søkjer jobblukka som målarar i hovudstaden, og sidan Elin treng å få fiksa dei gusjegrøne veggane, tek dei på seg oppdraget trass i lusebetaling frå den kjipe faren hennar.
Virring
Det mest forvirrande i starten er ikkje den virrande kameraføringa, men kvifor regissør, manusforfattar og fotograf Mona J. Hoel har brukt så låg oppløysing. Ingen mobilkamera har vore så dårlege det siste tiåret. Også stilen til Elin er genuint avleggs, med tynt nappa augebryn, kvit magetopp og vide dansebukser – til og med eggekartongen er gamaldags.
Ah, Hoel har klypt saman materiale ho filma i 2008! får eg googla meg til i etterkant. Problemstillingane med å vera ungdom på skråplanet er kanskje tidlaus, men for meg bidreg dei filmatiske grepa berre til at Skal dere gå allerede? verkar datert på fleire måtar. For dei som vaks opp med Pelle og Proffen-duoen til Ingvar Ambjørnsen, blir det noko Døden på Oslo S over det heile. Men det var kanskje meininga? Eg vart iallfall mint på kor vanleg syn utslåtte narkomane på den berømte Plata utanfor nettopp sentralbanestasjonen var for berre ti–tolv år sidan, og kor fort ein gløymer.
Så 2000-talet
Filmen fungerer såleis godt til ettertanke og som mimrefilm for meg, men eg har mistanke om at det er fordi eg henger meg opp i klesstilen og sosiolekten til Elin og venene som er så ettertrykkeleg gatete og tidstypisk. Det er opplagde komiske element med dei to målarkameratane, som på sitt sjarmerande amatørvis set i gang med riving av tak og tapet. Nordnorske Raymond og svenske Mattias skal heilt tydeleg vera filmens comic relief, men også humoren verkar datert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.