Film
Un pingüino!
Til å vera basert på sjarm og verkelege pingvinar er filmen skuffande lite sjarmerande.
Filmen er inspirert av ei sann historie om den livstrøytte engelsklæraren Tom (Steve Coogan) som drog til Argentina i 1976 for å undervisa.
Foto: Ymer Media
Den desillusjonerte læraren Tom Michell (Coogan) kjem til Argentina i 1976 for å jobba på ein privatskule for gutar. Det er opprørstider og under ei nedstenging av skulen reiser han til Uruguay, der han reddar ein oljetilsølt pingvin på stranda.
Det endar med at pingvinen blir med han tilbake til skulen, der han har ein underleg effekt på både elevar, hushjelpa Maria (El Jaber) og til slutt den strenge rektoren sjølv (Pryce).
Slappseig
Denne filmen er basert på ei bok som baserer seg på historia til læraren (ikkje professoren) Tom Michell, som faktisk hadde med seg pingvinen tilbake til skulen i Argentina. Det at Juan Salvado, som pingvinen blir kalla, er innsølt i olje, blir berre nemnt som grunn til redningsaksjonen. Og sjølv om det er bakteppe for at Argentina på denne tida akkurat var kuppa og stod framfor eit forferdeleg militærregime, handlar Pingvinen og professoren hovudsakleg om pingvinen og prof... eg meinar læraren.
Det er med andre ord duka for ein søt, godlynt film med eit av planetens mest sjarmerande dyr og ein vanlegvis sjarmerande Steve Coogan i den menneskelege hovudrolla. Sistnemnde lukkast ikkje så godt som han fyrste. Det er synd, for utan full sjarm blir dette eit forsøk på ei sjarmbombe som detonerer med eit pfft.
Ikkje nok
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.