Kunst
Ufarleg kinesisk kunst. Diverre.
Denne sumarutstillinga er nok meint for utanlandske turistar som er i Oslo.
Ai Weiwei: «Tyres».
Alle foto: Astrup Fearnley Museet
Astrup Fearnley har laga ei sumarutstilling av kinesisk samtidskunst som dei har kalla, nei, ikkje Kinesisk sumar, men Chinese Summer. Dette seier noko om kven utstillinga er meint for: ikkje så mykje fastbuande nordmenn, for dei er vel turistar i andre land på denne tida. Og dersom dei i det heile går i kunstmuseum, er det i slike stader som Guggenheim.
Kjøpesterke kinesarar
Og som vi veit: Det er særleg éi gruppe utanlandske turistar som i dag er i vekst, nemlig kjøpesterke kinesarar, etter at vennskapen med Kina no er restaurert på noko tvilsamt vis. Eitt turistmål er luksusklokkebutikkar i Oslo, som har tilsett mandarintalande ekspeditørar. Eit anna er kunstmuseum, slik som Astrup Fearnley. Så vi må tru at det særleg er slike turistar museet vonar skal koma, sjølv om det òg skulle vera interessant for nordmenn å sjå kva som rører seg i kunstlivet til denne vaknande kjempa. Slik sett er det dumt at tekstane inne i museet ikkje også er på mandarin.
22 kunstnarar
Alt i alt er det 22 kunstnarar som har fått stilt ut verka sine, dei fleste fødde på 1970-talet, slik at dei kom i gang like etter at Deng hadde opna landet for kapitalismen. Generasjonane før dei hadde måtta underordna seg krav om å laga sosialistisk plakatkunst, sjølv om dei etter kulturrevolusjonen òg kunne byggja opp ein upolitisk tradisjon, til dømes landskapsmåleri inspirerte av vestleg impresjonisme og ekspresjonisme.
Men utover 90-talet, då mange dessutan kunne reisa til og frå USA, fekk kommunistpartiet (KKP) kjenna på sin eigen marxistiske ideologi. Kunsten spegla den nye økonomien: Kapitalismens individualisme, konkurranse og gründermentalitet førte til ukontrollerte kunstnarlege uttrykk kanaliserte gjennom private kunstinstitusjonar. Makta vart utsett for kritikk og ironi frå sin eigen kunst. Så det gjaldt å hanka inn dette innanfor ei raud linje. På same vis som den kapitalistiske økonomien måtte kontrollerast. I Beijing kunne KKP motstrevande tillata at eit gamalt industriområde, kalla 798, vart overteke av kunstgalleri, fleire av dei utanlandske. Eit motstykke til Chelsea i New York. Eg var der i 2008, og vart slått av det ville uttrykksmangfaldet. Til og med Mao vart det gjort narr av. Samstundes kunne ein merka den raude linja kring området: Der utanfor kunne ikkje alt dette visast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.