Film
Tungt fornøyeleg
Small Axe gjev meg lyst til å grava fram dei gamle Nei til rasisme-jakkemerka mens eg høyrer høg dub-reggae og planlegg neste londontur.
Den britiske antologiserien inneheld fem filmar som fortel om livet til vestindiske innvandrarar i åra 1960–80.
Foto: BBC One
Over fem episodar tek stjerneregissør Steve McQueen for seg fem enkelthistorier der hovudpersonane har til felles at dei er britar med vestindisk bakgrunn.
Den britiske regissøren må nok framleis leva med å bli forveksla med den berømte skodespelarnamnebroren, sjølv om han etter kvart har bygd seg opp ein så solid CV at det snart ikkje skulle vera naudsynt. Med Oscar-statuett for 12 Years a Slave (2013) og filmar som Shame (2011) og Hunger (2008) under beltet stiller du sterkt til å både tena dei store pengane og få dei store prosjekta. Eg vil tru det er sistnemnde McQueen hovudsakleg går for når han no vender linsa mot sin eigen kulturelle arv.
Utilslørt rasisme
Storbritannia har ikkje det same dårlege omdømet for rasisme som det USA har, sjølv om det var britane som i stor grad stod for nettopp slavehandelen på andre sida av havet. Men dei mange som kom til dei britiske øyane gjennom Det britiske samveldet, møtte ikkje opne armar i røynda, om dei gjorde det på papiret.
Sjølv om McQueen tydeleg har ein agenda med å fortelja om den utilslørte rasismen som har møtt dei mange tilflyttarane frå Dei vestindiske øyane, handlar den ambisiøse Small Axe-serien like mykje om å gjera oss inngåande kjende med menneske, kultur, mat, musikk, stemning og språk. Det skadar heller ikkje at klesmote, frisyrar og stilartar generelt frå 70–80-talet gjer seg usedvanleg godt på film.
Mot normalt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.