Film
Tung-tung-lett
Babyteeth er lys og varm, sjølv om temaet er mørkt og kaldt.
Kreftsjuke Milla (Eliza Scanlen) forelskar seg i Moses (Toby Wallace) i filmen som Shannon Murphy regidebuterer med.
Foto: Europafilm
Unge Milla (Scanlen) kjempar med ein dødeleg sjukdom, og når ho krasjforelskar seg i narkomane Moses (Wallace), står foreldra (Davis og Mendelsohn) i ein skvis: Moses er totalt upåliteleg og kriminell, men fortener ikkje dottera å få ein sjanse til å oppleva kjærleik?
Sentimentet
Det er ei stund sidan eg har sett ein australsk film på kino, og som alltid synest eg det er noko heilt særeige med stemninga, noko herleg australsk, om det er lov å generalisera så vilt.
Ein kan ikkje unngå det sommarlege og lette som pregar kulturen, sjølv når det er snakk om noko så botnlaust trist som ein kreftsjuk tenåring.
Det er premissen frå starten. Likevel har ikkje sjukdommen ein overveldande plass i historia. Det er meir eit familiedrama og eit forholdsdrama – korleis stå i brasane saman og åleine? Kva i alle dagar gjer du som forelder når den siste du ynskjer at dottera di skal bli saman med, tilfeldigvis er den einaste som kan gjera henne lukkeleg?
Babyteeth er full av «kva ville du sjølv ha gjort»-dilemma som dei fleste av oss heldigvis ikkje treng å ta stilling til. Eg likar at dei har unngått sentimentalitet som vanlegvis ville lege som eit tjukt teppe over eit så trist utgangspunkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.