Film

Trommehinder

Velmeinande betyr ikkje nødvendigvis vellukka.

Trommeslagar Ruben (Riz Ahmed) får livet snudd på hovudet når han mistar høyrselen.
Trommeslagar Ruben (Riz Ahmed) får livet snudd på hovudet når han mistar høyrselen.
Publisert

For Ruben (Ahmed) og Loulou (Cooke) er livet på landevegen og som turnerande metallduo akkurat det som skal til for å halda dei nøkterne og i mental stabil forfatning. Når trommeslagar Ruben brått mistar høyrselen, endrar alt seg.

Tøffingar

Det er ikkje lett å laga filmar om livsomveltande, traumatiske hendingar utan å trakka uti klisjéhengemyra. Manusforfattar Derek Cianfrance har laga knallsterke filmar og seriar før (inkludert seriefavoritten min frå i fjor, I Know This Much Is True), men her må eg seia eg ikkje er like imponert.

Sound of Metal er så enkel at eg til tider føler eg ser ein vellaga opplæringsfilm om døve, ein sånn film der våre eigne fordommar om «typisk døve» skal gjerast til skamme.

Institusjonsgarden Ruben reiser til, er ein stad for unge døve med rusproblem, noko som i grunnen berre bidreg til kjensla av stereotypar: den mannhaftige lesba, den røykande tøffingen med ringar i nasen, den skvære hippiedama og ikkje minst: sjefen for det heile, som har hestehale, ei sardonisk mine og har vore ute ein vinterdag før, skal eg helsa og seia.

Kan verkeleg den harde Ruben falla for denne AA-aktige tilnærminga og samtidig innfinna seg med at han er vorten døv?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement